Naeringslivsdagen 2026 fv Elise Hanebergh Magnus Brinso og Isak Husevag Synnes fra Neuver Maritime foto Ogne
MARKNADSFØRING: Isak Husevåg Synnes i Neuver Maritime (til høgre) i samtale med studentane Elise Haneberg og Magnus Brimsø - som begge er på rekrutteringsarrangementet Næringslivsdagen for å gjere seg kjent med potensielle arbeidsgivarar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Viser fram «ukjent» bedrift

Skipsingeniørstudentar hadde aldri høyrt om Neuver Maritime før dei stilte på Næringslivsdagen.

12.02.2026

Neuver Maritime er ein av 35 bedrifter som stiller på stand under Næringslivsdagen på NTNU i Ålesund torsdag. Det er Næringslivsutvalget ved NTNU som står bak rekrutteringsarrangement 

Neuver Maritime har ei lang historie, men då som styre- og rorverksemda i Kongsberg Maritime. I fjor vart den skilt ut og seld til eit investeringsfond i regi av investorselskapet Norvestor. Dermed må Neuver Maritime også bygge opp kjennskapen selskapet hos potensielle framtidige tilsett frå grunnen av.

Torsdag bemannar Isak Husevåg, Aurora Wergeland og Ulrikke Byggerud Bjørnås standen til Neuver Martime, nettopp for å bidra til jobben med å gjere selskapet kjent.

Kyra Andrea Bjerke prosjektansvarleg Naeringslivsdagen 2026 foto Ogne
POPULÆRT: Kyra Andrea Bjerke er prosjektleiar for Næringslivsdagen. Det har blitt lettare og lettare å få bedriftene med, seier ho. Foto: Ogne Øyehaug

Stoppa av skip
Blant dei første som stoppa ved standen var skipsingeniørstudentane Elise Haneberg og Magnus Brimsø. 

Begge er ferdig med bachelorgraden til våren, og er då enten på jakt etter jobb eller eventuelt vidare studiar. Ho er frå Kristiansand, han frå Stavanger - og etter tre år som studentar i Ålesund er er det aktuelt for begge å finne arbeid på Nordvestlandet.

Det å bli kjent med bedrifter dei aldri har høyrt om, er eitt av poenga med å oppsøke Næringslivsdagen.

– Vi såg dei hadde bilete av ein båt, seier Haneberg om kvifor dei stoppa hos Neuver Maritime.

Må seie nei
Det har blitt lettare og lettare å få bedrifter til å stille på stand på Næringslivsdagen seier prosjektleiar Kyra Andrea Bjerke til Nett No.

Næringslivsdagen blir arrangert i vrimleområdet i hovudbygget på NTNU, der det er plass til 35 utstillarare.

Berre siste veka har rundt ti bedrifter spurt om å få delta, og Bjerke arrangøren anslår at dei kunne dobla talet på bedrifter som var med om vrimleområdet var større.

Jan Eskil Hollen Sjef Survitech Naeringslivsdagen 2026 foto Ogne
VAR MED PÅ STARTEN: Survitec-sjef Jan Eskil Hollen seier Næringslivsdagen har blitt det dei drøymde om i starten for 25 år sidan. Foto: Ogne Øyehaug

Slik han drøymde om
Som student var Survitec-sjef Jan Eskil Hollen med å starte Næringslivsdagen i Ålesund for 25 år sidan.

Torsdag står han på selskapet sin stand på arrangementet og under festen for studentar og utstillarar i kveld, skal han fortelle si historie om utviklinga.,

Han er imponert over kva Næringslivsdagen har blitt til: – Dette var draumen då vi starta, seier Hollen.

Dette var draumen då vi starta
Jan Eskil Hollen

Publisert: 12.02.2026 11:46

Sist oppdatert: 13.02.2026 11:06

Mer om