Rederikonferansen 2021 foto Rederikonferansen
ÅRLEG ARRANGEMENT: Rederikonferansen blir arrangert for andre gang 19. mai. Plane er at den skal vere eit årleg arrangement. Foto: Rederikonferansen
Nytt

Inviterer til ny rederikonferanse

Generasjonsskifte, IT-tryggleik og konsekvensen av krigen i Ukraina står på dagsorden i Ålesund.

02.05.2022

Rederikonferansen blei arrangert for første gang i fjor, med ambisjon om å etablere ein årleg konferanse.

I fjor samla konferansen nesten 200 deltakarar frå 60 ulike bedrifter og aktørar.

Målet er å nå 200 påmelde i år, og så langt har 130 meldt seg, på ifølgje ei pressemelding.

Les programmet her

Samarbeid
Konferansen er eit samarbeid mellom fleire aktørar.

Dette er arrangørkomiteen: Jon Rune Nygård (Symbio Consult AS), Monica G. Sperre (Kvale Advokatfirma DA), Arve Dimmen (Kystverket), Robin Halsebakk (Sølvtrans AS), Stig Gjethammer (Shippingklubben Ålesund), Bjørn Inge Furuli, (Nye Giske Havfiske AS) og Marte F. Giskeødegård, (NTNU).

Sjøforklaring
I fjor vart praksis ved ulukker til sjøs diskutert, der Roger Halsebakk i Sølvtrans og Bjørn Inge Furuli i Nye Giske Havfiske bad om at sjøforklaringa blir gjeninnført.

Sjøforklaringa og Havarikomminsjonen si rolle og arbeid blir tema også i år, mellom anna i innlegg frå Trond Solvang, professor Nordisk institutt for sjørett ved universitetet i Oslo.

Flytta til våren
I fjor blei Rederikonferansen arrangert i september, i same veka som GCE Blue Maritime arrangerte sin årlege klyngekonferansen for den maritime næring.

I år blri Rederikonferansen arrangert 19. mai. Den opphavlege planen var at Rederikonferansen skal arrangerast om våren, men i fjor blei den utsett på grunn av smitteverntiltak.

Publisert: 02.05.2022 11:00

Sist oppdatert: 19.05.2022 12:21

Mer om