Roger Halsebakk Bjørn Inge Fureli Rederikonferansen 2021
PERSONLEG ANSVAR: Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk og operasjonssjef Bjørn Inge Furuli i Nye Giske Havfiske etterlyser større vekt på det personlege ansvaret til dei som styrer skip. Foto Ogne Øyehaug
Nytt

Vil ha sjøforklaringa tilbake

Det personlege ansvaret er blitt pulverisert. Sølvtrans-sjef Roger Halsebakk og Bjørn Inge Furuli i Nye Giske Havfiske er samd om kva som må gjerast.

22.09.2021

Med opprettinga av Havarikommisjonen forsvann den gamle sjøforklaringa etter ulukker til sjøs.

Det førte mellom anna til at all merksemd vart retta mot reiarlaget sitt ansvar, og reiarlaget sine rutiner og merksemda mot det personleg ansvaret til dei som førte skipet vart borte, ifølgje Halsebakk og Furuli.

- Noko ansvar må folk ta sjølv og dette ansvaret hadde dei før, men vi har tatt det frå dei, sa Roger Halsebakk i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans på Rederikonferansen i Ålesund onsdag.

Saman med operasjonssjef Bjørn Inge Furuli i Nye Giske Havfiske sto han på scena for å starte ein debatt om det personlege ansvaret til dei som fører skipet opp mot reiarlaget sitt ansvar.

Gått for langt
- Spørsmålet er om denne "no blame-kulturen" har gått for langt, spurde Furuli under innleiing.

- Den har gått alt for langt, svarte Halsebakk.

No vil han og Furuli ha ei ny vurdering av oppgåvene til Havarikommisjonen.

Disiplinerande
Mellom anna har framveksten av oppdrettsnæringa og brønnbåtbransjen auka skipstrafikken langs kysten. Det er ein auke som vil halde fram, og som vil kome også frå andre typar skipstrafikk meiner Halsebakk.

Hans erfaring er at ein rekkje små hendingar i dag ikkje får personlege konsekvensar, og hans vurdering er at dette aukar faren for at store og alvorlege hendingar vil oppstå langs kysten.

Det kan ei gjeninnføring av sjøforklaringar - der aktørane må forklare seg i ei offentleg høyring - vere med og bøte på.

- Det å møte opp i i sjøforklaringa, det er disiplinerande. Hadde to offiserar møtt opp i sjøforklaring ville det redusert hendelsar drastisk, sa Halsebakk i innleiinga si.

Det handlar ikkje om å straffe, men å få ein disiplinerande effekt, seier Halsebakk til NETT NO.

Publisert: 22.09.2021 12:41

Sist oppdatert: 19.05.2022 12:20

Mer om