kleven -  Zoran Kunkera - Kjetil Bollestad - Tomislav Debeljak (midten) Foto: Marius Rosbach
PÅ PLASS: DIV Group-eigar Tomislav Debeljak (midten) saman sin rådgjevar Zoran Kunkera (t.v.) og Kleven-direktør Kjetil Bollestad fredag. 
Nytt

– It's a great day for Kleven

Kontrakta om sal av Kleven Verf til DIV Group er signert. Verftsdirektør Kjetil Bollestad var glad for å annonsere nyheita på bursdagen til den nye kroatiske eigaren. 

Marius Rosbach
06.03.2020
Fredag kom DIV Group-eigar Tomislav Debeljak til Kleven verft saman med sin rådgjevar Zoran Kunkera, for å treffe pressa og dei tilsette. I kantina blei Debeljak møtt med applaus - på sin eigen 45-årsdag.
– It's a great day for Kleven, sa administrerande direktør Kjetil Bollestad ved Kleven då han innleia på engelsk i møte med pressa.
Finansdirektør Ola Beinnes Fosse stadfesta til NETT NO før pressemøtet, at kontrakta no er signert. Etter at NETT NO forstår blei avtalane signert allereie torsdag, men ein formalitet gjorde at dei måtte vente med stadfestinga til fredag.

Meir om besøket:


– Veldig, veldig glade

Verftsdirektøren fortalde korleis han og finansdirektør Ola Beinnes Fosse har jobba i fleire månadar saman med Debeljek og DIV Group, for å finne moglegheiter for Brodosplit og Kleven saman. Bollestad meiner kroatane vil vere sterke eigarar, som gjer verftet i stand til å vekse.
– Vi er veldig, veldig glade, og ser fram til eit langsiktig forhold til DIV Group, sa han.
Bollestad sa seg trygg på at Debeljak ser langsiktig på eigarskapen: – Han kjøper Kleven for å skape ei god framtid, ikkje berre for dei tilsette på Kleven, men også for samfunnet i Ulsteinvik, la Bollestad til.

Vil vekse på Kleven

Eit langt perspektiv var nettopp det DIV Group-eigaren sjølv la vekt på då han fekk ordet – i tillegg til at han var imponert over kunnskapen hos dei tilsette.
– Vi har ikkje tenkt til å skifte namn på verken Kleven eller Brodosplit, fordi vi er stolte av namna. Vi ønskjer å vekse her på Kleven og har nokre prosjekt med det same - og håpar på fleire større prosjekt på sikt, sa Debeljak.
Med Brodosplit-konsernet og DIV Group til saman har dei kring 4000 tilsette totalt, og han håpar dei skal bli fleire framover – også på Kleven.
– Vi har også eigenkapital på kring 250 millionar euro, men den viktigaste kapitalen er folka våre, sa han.
Debeljak meiner også det er synergiar å hente mellom verftet på Sunnmøre og Brodosplit-verftet i Kroatia.

Les også:




Undersøkte skuldingar

Det har vore jobba på spreng med å få alt papirarbeid ferdig og fredag var alle formalitetar på plass. Målsettinga var at partane skulle signere avtalen i Oslo torsdag, men partane måtte ha ein dag ekstra.
Signeringa har allereie blitt utsett ei veke. Berre veker før salet skulle gjennomførast, kom det harde skuldingar mot den nye eigaren frå ein EU-parlamentarikar frå heimlandet Kroatia.
Etter at verftet hadde fått advokatkontoret Selmer til å undersøke påstandane, fann dei ingen grunn til å tru på skuldingane, fortalde Fosse til NETT NO den 19. februar.
I hovudsak gjekk skuldingane ut på at DIV Group og verftskonsernet Brodosplit, ikkje har så god økonomi som det blir gitt uttrykk for.

Leverte gode tal

NETT NO omtala i januar 2018-resultata til DIV Group, som viste ei omsetning på knappe 1,7 milliardar kroner og eit resultat før skatt på 107 millionar. Eigenkapitalen var ved utgangen av det året på vel 2,5 milliardar kroner, og gjelda på vel 2,1 milliardar.
Sidan 2013 har DIV Group vore eigar av Brodosplit, det største skipsverftet i Kroatia. 2018 var det siste året i ein femårig restruktureringsplan for verftet som DIV Group overtok frå staten. Grepet har vore omdiskutert, men DIV Group viser mellom anna i rekneskapen at dei har oppfylt alle vilkåra som låg til grunn for overtakinga av verftet i Split.

Les også:




Publisert: 06.03.2020 19:43

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54