Jack Remoey ber om pris paa ny traalar
SKAL BYGGJE: Den nye trålaren som Remøy Sea Trawl skal få bygd i Spania eller Tyrkia blir utstyrt med quatro-trål og eit styresystem som kan redusere drivstoff-forbruket med opptil 30 prosent under tråling. Prisforespørselen går ut tidleg i juni, i følgje Jack Remøy.
Nytt

Jack Remøy ber om pris på ny trålar

Remøy Sea Trawl vil i løpet av kort tid send prisforespørsel til prekvalifisere tyrkiske og spanske verft for å få bygd ny trålar.

31.05.2019
Det er Remøy Sea Trawl som skal ha den 82 meter lange og 18 meter breie trålaren, som skal fiske med quatro-trål, altså fire trålposar samstundes.
Etter innleiande vurderingar av kvar skipet skal byggast går forespørselen om tilbod på å bygge skipet ut tidleg i juni, seier Jack Remøy til NETT NO. Remøy Sea Trawl er eigd av Remøy Sea Group, der Jack Remøy er største eigar.
Remøy har arbeidd med byggeplanane i fleire år.

Sparer energi

Remøy Sea Trawl har konsesjon for rekefiske, og selskapet fekk i fjor haust støtte på 4,6 millionar kroner frå Innovasjon Norge for å utvikle nye og energieffektive styresystem for fartøy og trål ved sleping av trålposar.
Støtta er ein del av Havpilot-satsinga til Innovasjon Norge, der formålet er å hjelpe fram ny teknologi i fiskeri og havbruk.

I følgje Remøy har NTNU rekna ut at det nye styresystemet reduserer drivstoff-forbruket med opptil 30 prosent under tråling, ein reduksjon som er vesentleg for lønsemda i fisket.

Fire trålposar

Det nye skipet skal fiske med fire trålposar samstundes. Det skal også vere med og auke fangsteffektiviteten med over 100 prosent, og bidra til lågare drivstoff-forbruk pr. kilo fangst.
Remøy seier selskapet har ei rammefinansiering på plass for å få bygd skipet. Ei endeleg finansieringsavtale blir inngått først etter at det er avgjort kvar skipet skal byggast og til kva pris.

Publisert: 31.05.2019 12:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35