Tysdag blei det klart at Fredrik Ødegård Nilsen tek over jobben som konsernsjef i Ekornes, etter Tine Hammernes Leopold. Nilsen tek over sjefsstolen allereie no, men Leopold vil vere tilgjengeleg i ei overgangsperiode.
– Eg er takknemleg for tilliten og tek fatt på oppgåva med stor respekt, seier han til Nett No kort tid etter nyheita blei kjent.
Var usamd med styret
Ulike meiningar mellom leiinga og styret om gjennomføringa av strategien, var grunngjevinga for Leopold sin avgang. Nilsen fortel at det ikkje ligg an til større endringar med han ved roret.
– Det er snakk om justeringar på korleis vi gjennomfører den strategien vi har lagt, seier han.
Etter at møbelkonsernet i år har slutta å gi ut kvartalsvise rapportar, får offentlegheita mindre innsyn i verksemda. Det er difor ikkje kjent korleis utviklinga for Ekornes har vore så langt i år.
– Krevjande marknadsforhold
Konsernsjefen legg ikkje skjul på at det framleis er utfordrande tider for bransjen. Det blir likevel ikkje vurdert større endringar i arbeidsstokken ved fabrikkane deira for augneblinken.
– Det er ei krevjande bakteppe for møbelbransjen globalt. Det er høge levekostnader mange plassar, tollbarrierar i USA og utfordringar i Europa, seier Nilsen.
– Sjølv om det er krevjande marknadsforhold på kort sikt, ser vi store moglegheiter for vekst på lang og mellomlang sikt, legg han til.

Tek over for andre gong
Dette er andre gong sykkylvingen tek over leiinga av hjørnesteinsbedrifta i heimkommunen i ein krevjande periode. Berre kort tid etter at Nilsen tok over som mellombels konsernsjef i 2022, måtte han seie opp fleire hundre tilsette.
No skal han stake ut kursen vidare som konsernsjef i «fast stilling».
– Vi skal auke produktiviteten, redusere leveringstida og auke servicenivået til kundane, seier Nilsen om kva han ser føre seg.
Om eigaren: – Ein involvert styreleiar.
Sjefen for kring 2250 Ekornes-tilsette har lang fartstid i bedrifta. Den utdanna siviløkonomen har hatt ulike leiarroller i møbelkonsernet sidan 2018.
Han jobba også tidlegare i produksjonen før han tok utdanning, og kom tilbake som strategidirektør og deretter finansdirektør.
Nilsen kjenner difor godt til eigar og styreleiar Ruihai Zhao frå før. Den kinesiske forretningsmannen har vore eigar av det norske møbelprodusenten sidan 2018.
– Vi har eit godt samarbeid og han er ein involvert styreleiar. Han forsøker å besøke Sykkylven så ofte han kan, og har planar om å halde fram som ein positiv støttespelar for utviklinga av Ekornes, seier Nilsen om eigaren.
Publisert: 05.05.2026 15:00
Sist oppdatert: 05.05.2026 15:00






