Det er Remøy Sea Trawl som skal ha den 82 meter lange og 18 meter breie trålaren, som skal fiske med quatro-trål, altså fire trålposar samstundes.
Etter innleiande vurderingar av kvar skipet skal byggast går forespørselen om tilbod på å bygge skipet ut tidleg i juni, seier Jack Remøy til NETT NO. Remøy Sea Trawl er eigd av Remøy Sea Group, der Jack Remøy er største eigar.
Remøy har arbeidd med byggeplanane i fleire år.
Støtta er ein del av Havpilot-satsinga til Innovasjon Norge, der formålet er å hjelpe fram ny teknologi i fiskeri og havbruk.
I følgje Remøy har NTNU rekna ut at det nye styresystemet reduserer drivstoff-forbruket med opptil 30 prosent under tråling, ein reduksjon som er vesentleg for lønsemda i fisket.
Remøy seier selskapet har ei rammefinansiering på plass for å få bygd skipet. Ei endeleg finansieringsavtale blir inngått først etter at det er avgjort kvar skipet skal byggast og til kva pris.
Etter innleiande vurderingar av kvar skipet skal byggast går forespørselen om tilbod på å bygge skipet ut tidleg i juni, seier Jack Remøy til NETT NO. Remøy Sea Trawl er eigd av Remøy Sea Group, der Jack Remøy er største eigar.
Remøy har arbeidd med byggeplanane i fleire år.
Sparer energi
Remøy Sea Trawl har konsesjon for rekefiske, og selskapet fekk i fjor haust støtte på 4,6 millionar kroner frå Innovasjon Norge for å utvikle nye og energieffektive styresystem for fartøy og trål ved sleping av trålposar.Støtta er ein del av Havpilot-satsinga til Innovasjon Norge, der formålet er å hjelpe fram ny teknologi i fiskeri og havbruk.
I følgje Remøy har NTNU rekna ut at det nye styresystemet reduserer drivstoff-forbruket med opptil 30 prosent under tråling, ein reduksjon som er vesentleg for lønsemda i fisket.
Fire trålposar
Det nye skipet skal fiske med fire trålposar samstundes. Det skal også vere med og auke fangsteffektiviteten med over 100 prosent, og bidra til lågare drivstoff-forbruk pr. kilo fangst.Remøy seier selskapet har ei rammefinansiering på plass for å få bygd skipet. Ei endeleg finansieringsavtale blir inngått først etter at det er avgjort kvar skipet skal byggast og til kva pris.
Publisert: 31.05.2019 12:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35