Jets
JETS: Full fart for Even Fylling, Jan Tore Leikanger og Ole-Christian Fotland i Jets, her under Nor-Shipping. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Jets-kontrakt på atomdrivne hangarskip

Hareid-selskapet er verdsleiande på cruise, har fått gjennombrot på militærfartøy.

06.04.2022

- Ja, dette er svært viktig kontrakt for oss.

Det seier salsansvarleg Even Fylling for navy & offshore i Jets.

Han kan ikkje opplyse kva for eit land det er snakk om.

- Men det er snakk om to store atomdrivne hangarskip.

Jets skal levere komplett toalettsystem basert på sin vacuumteknologi.

- Om bord i desse skipa er det fleire tusen personar.

Royal Navy
Frå før har Jets levert sine toalettsystem til dei fleste skip til det norske forsvaret.

- I tillegg har vi hatt leveransane til alle nye skip til britiske Royal Navy dei siste 20 åra.

Fylling seier at marknaden for forsvarsskip har tatt seg kraftig opp.

Jets har i det siste samstundes hanka inn ei rekke kontraktar innan cruise.

Bilde 2022 04 06 101149323
MIAMI: Scarlet Lady frå Virgin Cruises har Jets-toalett om bord. Foto: Virgin Cruises
Om bord i desse skipa er det fleire tusen personar
Even Fylling

Verdsleiande
Salsansvarleg Ole-Christian Fotland for cruise & ropax seier at Jets no har tatt ein verdsleiande posisjon innan cruise.

- Lenge var finske Evac størst. No har vi passert dei med god margin, og har rundt 60 prosent av verdsmarknaden på toalettsystem til cruise.

Ein av dei største kontraktane er leveransar til cruiseskipet Princess Sphere til Princess Cruises. Dette skipet skal vere ferdig i 2023, og skal kunne ta 4.300 passasjerar.

- Vi leverer komplette system, seier Fotland.

Dette skipet skal byggjast ved Fincantieri sitt verft i italienske Monfalcone.

Men dette er berre ei av mange kontraktar til cruiseskip som skal byggjast ved Fincantieri-verft.

- Vi har kontrakt for leveransar til selskap som Norwegian Cruise Line, MSC Cruises, og sir Richard Branson-eigde Virgin Atlantic.

Navy
ROYAL NAVY: Jets har hatt store leveransar til Royal Navy og HMS Queen Elisabeth. Foto: Jets

- Full fart
Den britiske milliardæren Branson skal endåtil byggje fire nye cruiseskip, alle med Jets-system om bord.

- Utruleg gledeleg, seier Fotland.

- Det vart ein del utsetjingar under koronaen, men det var ingen kansellerte kontraktar. No er det full fart.

Jan Tore Leikanger, som er salsansvarleg for spesialfartøy, seier at det er stor aktivitet også innanfor andre marknadssegment.

Jets toa
JETS: Jets sin vacuumtoalett-løysing om bord i eit cruiseskip. Foto: Jets

Publisert: 06.04.2022 12:33

Sist oppdatert: 06.04.2022 12:33

Mer om