Joar Ekornes inn i hyttebygging
HYTTEBYGGAR: Eigedomsinvestor Joar Ekornes vil at Mørelaft skal bli meir aktiv i å utvikle hyttefelt.
Nytt

Joar Ekornes inn i hyttebygging

Eigedomsinvestor Joar Ekornes satsar på hytter. Les kven han investerer i.

25.09.2014
Ekornes skaut inn 750.000 kroner i Mørelaft ifjor, og blei styreleiar og eigar av 50 prosent av selskapet. Resten er eigd av Ekornes sin barndomskamerat Kenneth Brunstad.
- Viss eg skulle vere med på eigarsida så syns eg vi skulle ha ein større base å stå på, seier Ekornes.

12 tilsette

Mørelaft har fabrikk i Skodje, der laftahyttene blir sett opp og demontert, før dei blir frakta ut til byggeplassen.
Tilsaman er det 12 årsverk i selskapet, fordelt på fabrikken i Skodje og kontoret i Sykkylven.
Selskapet byggjer hytter og skal framover også arbeide meir med å utvikle hyttefelt.

Tek risikoen

Joar Ekornes skal sjølv ta ein del av risikoen når Mørelaft skal byggje ut hyttefelt, ved at han står som eigar av felta og tek risikoen ved å binde opp kapital i utviklingsperioden, medan Mørelaft byggjer hyttene.
Pr. i dag eig Ekornes sjølv fire hyttetomter på Bjorli.
Gjennom avtalar med grunneigarar på Fjellsetra i Sykkylven og på Strandafjellet har Mørelaft også sikra seg rett til å bygge fleire fleire hytter der.
Det første større prosjektet Ekornes vonar Mørelaft får sette i gang med er bygging av 16 fritidsleilegheiter ved skiheisa på Fjellsetra. Målet er å kome i gang før årskiftet.

Opning i Sykkylven

Medan Stranda kommune er i gang med planlegging av areal til bygging av over 200 hytter på Strandafjellet, har Sykkylven kommune vore meir tilbakehalden med å legge til rette for hyttebygging.
Det er i ferd med å snu, meiner Ekornes. Mellom anna skal Fjellsetra knytast til offentleg vatn og kloakk.
- Sykkylven ser no at hytter skaper aktivitet og inntekter til kommunen. Konsekvensen er at Fjellsetra blir eit godt alternativ til Strandafjellet, seier Ekornes.

Frå handel til eigedom

Saman med brørne Stian og Karl gjekk Joar Ekornes inn i møbelhandel tidleg på 90-talet. Då dei selde seg ut var dei medeigarar i 12 Skeidar-butikkar og 30 prosent i Skeidarkonsernet, saman med Berg Jacobsen-gruppen i Molde.
Ei periode var dei og største eigar i tidlegare Sandvik Møbler i Ørsta (sjå Relaterte saker), og dermed også i Sandvik Møbler si fabrikkbygning - eit bygg som no er

Tre aktørar

Det er tre firma som leverer lafta hytter på Nordvestlandet, Mørelaft, Isolaft og Honndalshytta.
I 2012 gjekk alle i minus, ifjor gjekk Mørelaft i pluss.
Mørelaft prefabrikerer hyttene frå heilt tømmer, Honndalshytta brukar laminerte stokkar, medan Isolaft har utvikla stokkar med innebygde isolasjonselement.
Sykkylven ser no at hytter skaper aktivitet og inntekter til kommunen

Publisert: 25.09.2014 06:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:38