Jobbar framleis for utsleppsfrie verdsarvfjordar fraa 2026
TOK MED INNSPEL: Sveinung Rotevatn.
Nytt

Jobbar framleis for utsleppsfrie verdsarvfjordar frå 2026

Klima- og miljøministeren med innspelsmøte om saka.

30.06.2020
(NPK): – Eg jobbar framleis med utgangspunkt i at nullutsleppskravet i verdsarvfjordane skal nåast innan 2026, slik Stortinget har bedt om, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) etter eit møte om saka tysdag.
Utsegna kjem etter at Rotevatn tysdag hadde eit innspelsmøte med ei rekkje aktørar om nullutslepp frå skip i verdsarvfjordane. Statsråden har tidlegare sagt at det er for tidleg å konkludera og at han vil «få belyst alle sidene av saka». Etter møtet tysdag tek han med seg mange innspel vidare.
– Innspelsmøtet i dag har gitt meg mykje informasjon og eit breiare grunnlag for avgjerda om korleis vedtaket frå Stortinget skal følgjast opp, seier han i ei kort oppsummering etter møtet.
Han seier vidare at grøn skipsfart er eit prioritert område for regjeringa, og at ambisjonen er å halvera utsleppa innan 2030.
Frå før har regjeringa bede Sjøfartsdirektoratet greia ut konsekvensane av nullutsleppsvedtaket i verdsarvfjordane frå 2026. Direktoratet har konkludert med at store cruiseskip ikkje kan vera utsleppsfrie innan seks år og at kravet difor bør utsetjast til 2030.
Konklusjonen til Sjøfartsdirektoratet har vekt reaksjonar frå fleire hald. Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap har mellom anna sendt eit eige brev til Klima- og miljødepartementet der dei tek til orde for at målsetjinga om innføring av nullutslepp i 2026 må stå ved lag.
Også representantar frå skipsindustrien som arbeider med grøn skipsfart, har uttrykt skepsis til å utsetja kravet om nullutslepp. Det har blitt peikt på at ei utsetjing kan gje uheldige konsekvensar for mange som har investert og satsar på utsleppsfrie løysingar.
(©NPK)

Publisert: 30.06.2020 15:43

Sist oppdatert: 22.02.2021 09:35