Jobbar framleis med refinansieringa
Over to månader etter at reiarlaget varsla at dei hadde ny finansiering, blir det framleis jobba med avgjerande formalitetar,
Etter at Russland gjekk til angrep på Ukraina i februar i år kom Havila Kystruten russiske långivar, det statseigde finansieringselskapet GTLK på sanksjonslista. Dermed måtte Havila Kystruten på jakt etter ein ny långivar for å kunne drive.
15. september i år sende Havila Kystruten ut melding om at det hadde funne ein ny långivar, slik at det kunne betale for dei to skipa som framleis er under bygging i Tyrkia, og løyse inn gjelda på dei to skipa som er i drift.
Refinansieringa er ikkje klar før alle formalitetar er på plass. Det er dei ikkje enno. Kven som er den nye långivaren er heller ikkje offentlegjort.
"Finansieringen utgjør samlet 370 millioner euro og dekker betaling til Tersan ved levering av Havila Polaris og Havila Pollux samt innløsning av eksisterende gjeld knyttet til alle skipene. Arbeid med lånedokumentasjon og avklaringer i forhold til sanksjonsregler pågår.", heiter det i kvartalsrapporten for 3. kvartal 2022.
Nær 390 tilsette
Selskapet gjekk med eit underskot før skatt på 109,5 millionar kroner i kvartalet (sjå tabell under).
Mellom anna er LNG-prisen langt høgare enn venta.
Reiarlaget hadde størst auke i talet på tilsette av selskapa på Nordvestlandet i fjor. Ved utløpet av kvartalet var det 349 tilsette sjøfolk og 36 tilsette på land.
Framleis oppbyggingsfase
Havila Kystruten har to av fire skip i drift. Dei to siste skal vere klar innan høvesvis 29. desember i år og 22. mars 2023.
"Driftskostnadene preges fortsatt av oppbyggingsfase med betydelige lønns- og driftskostnader knyttet opplæring og trening av mannskaper før alle skipene kommer i drift.", skriv selskapet.
Det er likevel ingen endring i datoen for dei første seglasene.
Havila Kystruten AS | ||
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | 2021 |
Driftsinntekt | 247,6 | 36,0 |
Driftresultat | -167,9 | -48,1 |
Resultat før skatt | -333,0 | -78,9 |
Havila Kystruten as | ||
3. kvartal. I mill. kroner | 2022 | |
Driftsinntekt | 134,4 | |
Driftsresultat | -34,6 | |
Resultat før skatt | -109,5 |
Publisert: 29.11.2022 05:00
Sist oppdatert: 29.11.2022 08:25