Jobbar med aa fylle opp ny moeteplass
SKAL BYGGAST OM: Planen er å bygge om det tradisjonsrike bygget i Måløy sentrum så det blir sjåande om lag slik ut.
Nytt

Jobbar med å fylle opp ny møteplass

Om alt går etter planen, får Måløy si eiga storstove for nyskaping midt i sentrum neste år.

Marius Rosbach
26.01.2021

Måløy Vekst vil saman med Peak Property samle bedrifter, utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljø under eitt og same tak i Måløy.

Samlingsplassen skal heite Peak Måløy og målet er opning til neste år.

Vil kjøpe EMY-buda
Det er inngått ein intensjonsavtale om å kjøpe sentrumsbygget som går under namnet EMY-buda, og no jaktar dei fleire leigetakarar. Fristen for fleire til å melde seg, er sett til 1. februar.

– Slik det ser ut no, så er ting veldig lovande. Vi treng nok nokre fleire, men no har vi eit veldig godt utgangspunkt, fortel Pål Anders Kårstad i Peak Property til NETT NO.

Til no har Localhost AS, Whereby, Pwc, MMR Ocean Blue, Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Måløy, Ecobait og Måløy Vekst skreve under på intensjonsavtalar.

I tillegg har dei nokre fleire namn på blokka, som dei ikkje kan gå ut med enno.

Sjå video som viser korleis bygget kan bli (ekstern lenke)

Skal fylle fem etasjar
Målet er å skape aktivitet over fem etasjar i det tradisjonsrike bygget som i dag er eigd av Måløy Bygg.

Prosjektet jobbar etter suksessoppskrifta som er nytta for tilsvarande møteplassar i Førde og Florø. Konseptet består i utgangspunktet i å tilby kontorløysingar der det blir lagt vekt på trivsel, læring og kunnskapsdeling.

– Vi trur dette blir ein veldig spennande arbeidsplass med både kurs- og konferanselokalar, og i tillegg har vi teikna inn eit auditorium. Prosjektet inneheld også fleire bustader, og fleire har meldt si interesse for desse, seier Kårstad.

Etter at dei har «samla trådane» i næraste framtid, vil dei også gå ut med prospekt til bedrifter og andre som ønsker å investere i møteplassen. På sikt håpar initiativtakarane på at bygget skal gjere Måløy meir attraktivt, og bidra til auka rekruttering av arbeidskraft.

Les også: Ålesund-startup nominert til gjev pris

Fyrverkeriet som skal fronte Pir

Har alltid drøymt om å starte eiga bedrift

Rekordmange gründerar - dette er fellene du bør unngå


Slik det ser ut no, så er ting veldig lovande. Vi treng nok nokre fleire, men no har vi eit veldig godt utgangspunkt

Publisert: 26.01.2021 16:21

Sist oppdatert: 05.01.2023 14:08