Nytt
Jobbskaparen i Måløy
Gunnar Carlson er Måløypatriot, propell, og har pengar. Det blir det nye arbeidsplassar av. Les kor mange.
23.09.2014
Sju år på rad ringde investor Gunnar Carlson til IT-mannen Sindre Kvalheim for å få han til å flytte heim.
Då Carlson ringe for sjuande gong, i 2007, var tolmodet i ferd med å renne ut. Kvalheim fekk kniven på strupen.
- Enten så sa eg ja, eller så slutta han å ringe meg fleire gongar, seier Kvalheim.
Resultatet blei datalagringselskapet Localhost, og fleire IT/telekommunikasjonsselskap som er spunne ut av det same miljøet (sjå tabell).
Til saman er det snakk om selskap med over 60 millionar kroner i driftsinntekter, og rundt 50 tilsette, anslår Kvalheim.
Her er det rundt 20 arbeidsplassar i dag.
Når NETT NO kjem innom er Carlson på plass hos Vegard Åstebøl Larssen og Håvard Midtgård Stadt Towing Tank.
Han legg ikkje skjul på kva ingeniøren i han likar aller best av det han har satsa pengar på.
- Reint teknologisk er dette som du står i no det som eg anser som diamanten, seier Carlson.
Carlson satsa etterkvart på å vere investor, og slutta ved verftet i 1992.
Han er sentral i etableringa av fleire nye bedrifter i Vågsøy. Gjennom familieselskapet Brothers er han framleis ein stor eigar (13,5 prosent) , og styreleiar i Båtbygg.
Men ser du på driftsresultatet før avskrivingar (EBITDA) så har det gått i pluss nesten frå første dag, i følgje dagleg leiar Vegard Åstebøl Larssen.
Og selskapet har tid til å prøve og feile.
- Vi har dei midlar som skal til for å stå løpet ut, seier Carlson.
Investeringane omfattar mellom anna ei ny slepevogn, den tredje sidan starten, og eigenutvikla måleutstyr.
- Vi såg at dei prosjekta som folk forespurde oss om ikkje kunne gjerast med det gamle utstyret, seier Åstebøl Larssen.
Dei økonomiske resultata har kome raskare i IT-selskap enn i industriselskapa, men ifjor nådde Easy Form sitt først overskot, etter ni år, og Carlson har ikkje i tvil om satsinga hans er rett.
Han vil ha meir av det same.
Tidlegare i år gjekk Inovatitt, eit selskap Carlson står bak saman med Svein og Egil Skibenes, ut og lover ein million kroner til ein gründer med ein god idé som vil etablere seg i Måløy. Med på kjøpet får gründeren også hjelp med økonomistyring, styrearbeid, lokale og ein partnar å kaste ball med.
- Det kan godt bli to millionar, seier Carlson.
Men har vil ha noko nytt, eit teknologisk sprang framover.
- Du får det ikke viss du skal starte frisørsalong, det er teknologi vi er ute etter, seier Carlson.
Då Carlson ringe for sjuande gong, i 2007, var tolmodet i ferd med å renne ut. Kvalheim fekk kniven på strupen.
- Enten så sa eg ja, eller så slutta han å ringe meg fleire gongar, seier Kvalheim.
Resultatet blei datalagringselskapet Localhost, og fleire IT/telekommunikasjonsselskap som er spunne ut av det same miljøet (sjå tabell).
Til saman er det snakk om selskap med over 60 millionar kroner i driftsinntekter, og rundt 50 tilsette, anslår Kvalheim.
Diamanten i Deknepollen
Ved Deknepollen ligg den andre delen av bedriftene som har vekse fram rundt investorane Gunnar Carlson og Svein Skibenes. Det er støypeform- og prototypeprodusenten Easy Form, og modeltanken Stadt Towing Tank.Her er det rundt 20 arbeidsplassar i dag.
Når NETT NO kjem innom er Carlson på plass hos Vegard Åstebøl Larssen og Håvard Midtgård Stadt Towing Tank.
Han legg ikkje skjul på kva ingeniøren i han likar aller best av det han har satsa pengar på.
- Reint teknologisk er dette som du står i no det som eg anser som diamanten, seier Carlson.
Starta med Båtbygg
Gunnar Carlson blei tilsett som sjef for skipsverftet Båtbygg i Vågsøy 1974 og var sentral i å utvikle og gjere Båtbygg til eit lønsamt verft.Carlson satsa etterkvart på å vere investor, og slutta ved verftet i 1992.
Han er sentral i etableringa av fleire nye bedrifter i Vågsøy. Gjennom familieselskapet Brothers er han framleis ein stor eigar (13,5 prosent) , og styreleiar i Båtbygg.
Store investeringar
I år er det fem år sidan den einaste privateigde modelltanken i Noreg starta drifta. Så langt har det gått i minus kvart år. Dei store investeringane gjer at også at dei årlege avskrivingane er store.Men ser du på driftsresultatet før avskrivingar (EBITDA) så har det gått i pluss nesten frå første dag, i følgje dagleg leiar Vegard Åstebøl Larssen.
Og selskapet har tid til å prøve og feile.
- Vi har dei midlar som skal til for å stå løpet ut, seier Carlson.
Halverte salet for å investere
Ifjor nesten halverte selskapet driftsinntektene (sjå tabell), fordi det brukte mykje tid på å få på plass nytt utstyr, som gjer at kundane kan få utført meir omfattande testar enn før.Investeringane omfattar mellom anna ei ny slepevogn, den tredje sidan starten, og eigenutvikla måleutstyr.
- Vi såg at dei prosjekta som folk forespurde oss om ikkje kunne gjerast med det gamle utstyret, seier Åstebøl Larssen.
Lokkar med million
- Det primære for oss er å skape arbeidsplassar, seier Gunnar Carlson.Dei økonomiske resultata har kome raskare i IT-selskap enn i industriselskapa, men ifjor nådde Easy Form sitt først overskot, etter ni år, og Carlson har ikkje i tvil om satsinga hans er rett.
Han vil ha meir av det same.
Tidlegare i år gjekk Inovatitt, eit selskap Carlson står bak saman med Svein og Egil Skibenes, ut og lover ein million kroner til ein gründer med ein god idé som vil etablere seg i Måløy. Med på kjøpet får gründeren også hjelp med økonomistyring, styrearbeid, lokale og ein partnar å kaste ball med.
- Det kan godt bli to millionar, seier Carlson.
Men har vil ha noko nytt, eit teknologisk sprang framover.
- Du får det ikke viss du skal starte frisørsalong, det er teknologi vi er ute etter, seier Carlson.
Det primære for oss er å skape arbeidsplassar
Publisert: 23.09.2014 06:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:37