John Olav Lefdal inn i Nordfjord Hotell
MEIR HOTELL: I 2006 kjøpte John Olav Lefdal Bryggen Hotel på Nordfjordeid og pussa opp fri 20 millionar kroner. No blir hotellet ein del av eit felles hotellselskap saman med konkurrenten Nordfjord Hotell.
Nytt

John Olav Lefdal inn i Nordfjord Hotell

Nordfjord Hotell og Bryggen Hotel skal drivast av same selskap, etter at Lefdal blir storaksjonær i begge hotella.

15.12.2016
-Vi gjer dette for å få ei effektiv drifta av to små hotell som ikkje tener pengar seier John Olav Lefdal.
Saman med Kjell Storeide, Trond Scott Kroken, Bjørn Myklebust og Tomas Perers kjøper han Nordfjord Hotell Eigedom. Investorgruppa kjøper og Bryggen Hotel på Nordfjordeid, som Lefdals selskap Lefdal Invest har eigd sidan 2006.
Dei to største aksjonærane er Lefdal sjølv og Kjell Storeide. Dei eig 40 prosent kvar. Tidlegare Stokke-sjef Kjell Storeide er styreleiar i Lefdal Invest.
No skal dei to hotella, med til saman 98 rom, drivast av eitt selskap, Nordfjord Hotell Drift. Selskapet er eigd av Tomas Perers, som driv hotellet saman med Katarina Norel.

Delte oppgåver

Lefdal seier til NETT NO at det er fleire alternativ for drifta framover.
I første omgang kan det vere aktuelt med ulike roller for dei to hotella, der Bryggen Hotel kan bli eit bed & breakfast hotell - som kan stengast i de to stillaste vintermånadene. Det er spesielt i januar og februar det er tyngst å drive hotell på Nordfjordeid, i følgje Lefdal.

Vemodig

− For Nordfjord Hotell er dette ein merkedag. Den er både vemodig, høgtideleg og gledeleg. Vemodig fordi vi no etter over tretti år avsluttar eit eventyr. Høgtidleg fordi det er ei lokal gruppe eigarar som tek over, og gledeleg fordi Tomas og Katarina tek den daglege drifta,
Førde Aarskog eigde og dreiv hotellet saman med ektefellen Jostein.

Bra å bli større

Kvar for seg har dei to hotella vore for små til å kunne handtere turistmarknaden godt nok. Auka samla kapasitet gjer at dei til saman kan ta i mot større grupper.
Begge hotella blir med i Scandic-kjeda.
Både Bryggen Hotel og Nordfjord Hotell Drift gjekk med underskot i 2014 og 2015. I Nordfjord gjekk hotella i ytre og midtre Nordfjord i minus i fjor, medan hotella i indre Nordfjord gjekk i pluss.

Publisert: 15.12.2016 11:05

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04