Stillasmontering innfelt jan ole strand foto stillasmontering 11
ÅLESUND: 2021 vart eit bra år for Stillasmontering og Jan Ole Strand etter et svært krevjande 2020. Foto: Stillasmontering
Nytt

Jojo-utvikling for stillasmontørar

- Vi har godt med arbeid framover, så fort snøen forsvinn og vêret vert betre.

02.03.2022

Det seier eigar Jan Ole Strand i selskapet Stillasmontering.

Han etablerte selskapet i 2016 i Stordal, men mykje av arbeidet skjer ut frå avdelingskontoret i Ålesund.

- I desember i fjor, og januar og februar i år har mange prosjekt stoppa opp på grunn av dårleg vêr og mykje snø.

- No håpar vi at det rettar seg. I så fall har vi godt med arbeid framover, seier Strand.

Heile Nordvestlandet
Selskapet har hatt fleire større oppdrag i Ålesund, har eigne lifter og kan også ta på seg tak over tak-arbeid.

- Vi har også eigne tømrarar, snekkarar og målarar, om det trengst, seier Strand.

Strand opplyser at selskapet tar på seg oppdrag på heile Nordvestlandet.

- Ja, vi har blant anna hatt oppdrag i Måløy og Stryn.

Sjå video frå arbeidet i Harhauggata i Ålesund her.

Stillasmontering
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 14,8 7,8
Driftsresultat 0,4 -1,3
Resultat før skatt 0,1 -1,5

Store tap i 2020
I 2020 hadde selskapet eit tungt økonomisk år.

- Mykje stopp opp på grunn av korona.

- I tillegg valde mange av våre tilsette frå Lithauen å reise heim, seier Strand.

Omsetninga i 2020 stoppa på 7,8 millionar kroner, og resultatet før skatt enda på minus 1,5 millionar.

- Det var ekstremt krevjande. Vi heldt på å knekke ryggen, seier Strand.

IMG 20190322 152648
BROSUNDET: Frå arbeidet med Hotel Brosundet i Ålesund. Foto: Stillasmontering
Det var ekstremt krevjande. Vi heldt på å knekke ryggen
Jan Ole Strand

Stor vekst
Men det snudde i 2021.

- Mykje av aktiviteten kom tilbake. Vi satsa også mykje meir på norske tilsette. På det meste har vi vore oppe i 18 tilsette.

Omsetninga i 2021 nesten dobla seg i høve til 2020, og selskapet gjekk i pluss.

Aksjekapitalen er derimot tapt, men revisoren skriv at det er grunnlag for vidare drift ettersom styret har sett i verk ei rekke tiltak for å styrke eigenkapitalsituasjonen.

- Det har vore ei jojo-utvikling, men no ser det slett ikkje så verst ut framover, seier Jan Ole Strand.

Publisert: 02.03.2022 10:41

Sist oppdatert: 02.03.2022 18:21

Mer om