Jostein Saetrenes ny styreleiar i Havila
TEK OVER: Jostein Sætrenes blir ny styreleiar i Havila Shipping.
Nytt

Jostein Sætrenes ny styreleiar i Havila

Jostein Sætrenes tek over for Per Sævik som styreleiar i Havila Shipping. Lette og vemod, seier Sævik.

18.04.2017
Valkomiteen foreslår at generalforsamlinga i selskapet vel Jostein Sætrenes og Jogeir Romestrand inn som nye styremedlemer i Havila Shipping.
Sætrenes er leiar for skipsinvesteringsselskapet Shipinvest, er partnar i forvaltning- og investeringsselskapet Sydvestor og har blant anna vore leiar for World Wide Supply.
Han er utdanna ved BI i Oslo og bur i Ulsteinvik.

Inn i styret

Jogeir Romestrand er leiar for nominasjonskomiteen og blir no ein del av styret. Han arbeidde i Odim frå 1985 til 2009, dei siste åra som dagleg leiar. Han har drive sitt eige investeringselskap, Rome, sidan 2009. Rome eig mellom anna bygget som Kongsberg Evotech leiger i Ulsteinvik.
Han er mellom anna styreleiar og investor i Neptun Offshore.

Lette og vemod

Per Sævik (76) seier avgjerda om å gå ut av styret er hans eigen, og i realiteten vart teken i fjor haust.

- Det har litt med alder og gjere, og det har med det å gjere at det er styret som sit på toppen og må ta ansvaret for det ein geleidar selskapet inn i, seier Sævik om avgangen.
Han meiner det er fornuftig med utskiftingar og at styret no få ein kombinasjons av nye folk og kontinuitet.
- Eg trur det er bra at vi får folk inn frå utsida som kan sjå ting med nye briller, seier Sævik.
Han nøler ikkje med å vedgå at arbeidet med å få til ei refinansieringsløysinga av Havila har vore ei slitsam periode. Ekstra utfordrande var det at refinansieringsforhandlingane kom samstundes med kampen om å få kontroll over ferjereiarlaget Fjord 1.

- Prøv det den som vil, seier han.
Den tøffe perioden gjer at han går av i Havila Shipping med blanda kjensler.
- På ein måte føles det som ein lette, men samstundes vemodig, seier Sævik.

Held fram i Fjord 1

I løpet av året vil Sævik gå ut av alle styre i selskap i Havila Shipping-konsernet. Men det er ikkje snakk om eit heiltids pensjonstilvere.-
- Eg har ingen planar om å gå ut av Fjord 1, seier Sævik.
Gjennom famileiselskapet Havila Holding han og barna Hege Rabben Sævik, Njål Sævik og Vegard Sævik storaksjonærar i Havila Shipping og Fjord 1.
Havila Holding er også eigar av 33,34 prosent av aksjane i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.
På ein måte føles det som ein lette, men samstundes vemodig

Publisert: 18.04.2017 17:23

Sist oppdatert: 14.02.2022 11:48

Mer om