K. Nordang auka lønsemda
Starta 2024 med solid ordrereserve.
Entreprenørselskapet K. Nordang i Stranda har aldri hatt høgare inntekt enn i 2023 (sjå tabell), og gjekk samstundes inn i 2024 med ein solid ordrereserve, skriv selskapet i årsmeldinga for 2024.
Frå eit lite underskot i 2020 har lønsemda betra seg år for år, og fjorårets resultat før skatt er det høgaste selskapet har hatt i kroner. Driftsresultatet i høve til inntektene var i fjor det høgaste sidan 2015.
Tresifta millionkontrakt
I fjor haust sikra selskapet ei kontrakt på 202 millionar kroner med Ålesund kommune. Kontrakten gjeld nytt vassanlegg ved Fremmerholen og omfattar
grunnarbeid, VVS-installasjonar og bygging av prosess- og reintvassanlegg, i tillegg til pumpestasjon for råvatn.
I arpil i år vann K. Nordang oppdraget med å bygge Nor Tektstil sitt nye vaskeri på Digernes.
Del av Peab-konsernet
K. Nordang har vore ein del av det svenske entreprenørkonsernet Peab sidan 2011.
I 2023 sysselsette K. Nordang 144 årsverk.
K. Nordang as | ||
Tal i mill. kroner | 2023 | 2022 |
Driftsinntekt | 790,9 | 742,0 |
Driftsresultat | 39,8 | 13,5 |
Resultat før skatt | 48,3 | 16,7 |
Publisert: 13.06.2024 11:11
Sist oppdatert: 13.06.2024 11:12