Vassanlegg oversikt illustrasjon Arkitekt Asplan Viak
OVERSIKT: Slik skal anlegget som skal sikre reint vatn til kring 70.000 menneske i Ålesund og Sula sjå ut. Illustrasjon: Arkitekt Asplan Viak
Nytt

Kapra første kontrakt på kjempeanlegg

Stranda-entreprenør sikra oppdrag for over 200 millionar i Ålesund.

Marius Rosbach
17.10.2023

Ålesund kommune har signert den første kontrakten av fleire for nytt vassanlegg ved Fremmerholen, ifølgje ei pressemelding.

Den er gjort med Stranda-entreprenøren Peab K. Nordang og gjeld grunnarbeid, VVS-installasjonar og bygging av prosess- og reintvassanlegg, i tillegg til pumpestasjon for råvatn.

Verdien på oppdraget er 202 millionar kroner utan moms. Det kom inn seks tilbod og Peab K. Nordang svarte godt ut på tildelingskriteria og hadde beste prisen, ifølgje meldinga.

Reint vatn til 70.000 innbyggarar
Vassbehandlingsanlegg, pumpestasjon og overføringsleidningar skal sikre reint vatn til nesten 70.000 innbyggarar i Ålesund, Sula og reservevatn i Giske.

– Vi er glade for at vi har nådd denne viktige milepålen. No kan vi gå i gang, og vi gjer det med ein hovudentreprise som både gir oss ei god teknisk løysing og som er i tråd med budsjettet, uttaler prosjektleiar Marthe Therese Strømmen for vassbehandlingsanlegget i meldinga.

Budsjettet for heile anlegget er per no på 812 millionar 2022-kroner. Det er ikkje prisjustert - med andre ord vil den endelege summen ligge nærare ein milliard.

Planlagt å vere i drift frå 2026
Byggestart skjer om få veker, så snart dei nødvendige godkjenningane er på plass. Anlegget er planlagt å vere i drift frå 2026. Det vil i tilfelle vere i god tid før fristen 1. juli 2027, då Mattilsynet har varsla dagmulkter på 50.000 kroner dersom ikkje arbeidet er i gong.

– Dette er eit veldig spennande prosjekt med høg andel av eigenproduksjon. Det er dessutan ekstra kjekt å vite at vi skal få vere med på å bygge noko som er viktig for folkehelse, næringsliv og beredskap i regionen, og som skal stå i mange, mange tiår framover, seier administrerande direktør Kjetil Nordang i Peab K. Nordang i meldinga.

Sjølve vassbehandlingsanlegget skal ligge i Brusdalsvegen 208 i Ålesund, og består av prosessanlegg med ei grunnflate på 1000 kvadratmeter og reintvassanlegg på 900 kvadratmeter. I tillegg skal det byggjast pumpestasjon ved Brusdalsvannet.

Publisert: 17.10.2023 09:28

Sist oppdatert: 17.10.2023 09:37

Mer om