Kåpeprodusenten Kaape opplever medvind om dagen og sel unna alt dei klarar å sy. Det fortel Josefine Rødal Tomren som er marknads- og kommunikasjonsansvarleg i Vestnes-bedrifta.
– I dag står det på kapasiteten til å sy. Med ein gong vi er ute og sel, så går alt unna. Samtidig tikkar det inn bestillingar no og då, fortel ho til Nett No.
Bedrifta som held til i Tomrefjord er eit felles sideprosjekt for familien, starta av døtrene Josefine og Kornelia og mor Lilla Rødal. Konseptet er å lage unike kåper, helst av restestoff frå møbelbransjen og norsk produksjon.
– Vi har vurdert om vi ønsker å lage ein meir standardisert kolleksjon og få inn investorar, men vi likar å ha det som eit familieprosjekt der vi driv produktutvikling over kjøkenbordet, fortel Tomren.
Tilsett via språkpraksis
Familietrioen har andre jobbar, men har sett av ein dag i uka til Kaape. Samtidig har dei fått sin første tilsette, Olga Litvinenko frå Ukraina som har vore i bedrifta i kring halvanna år.
– Ho kom til oss på språkpraksis via flyktningtenestene og er no tilsett i 40 prosent stilling med å sy. Vi opplevde at saumspråket uansett er ganske likt, og det har gått veldig bra, seier Tomre.
Den ukrainske kvinna har tidlegare jobba ved ein stor syfabrikk i heimlandet. I Kaape er ho med på både produktutvikling og saum.
Sjølv om kåpeprodusenten ikkje har planar om å vekse seg store på kort sikt, gir tilsettinga motivasjon for å auke salet, fortel ho.
– Vi ser verdien av å ha det på dette nivået i dag. Også ser vi føre oss å bygge stein på stein og vekse sakte, men sikkert.

Selte unna alt etter «pop-up»-sal
I fjor hadde bedrifta eit vellukka «pop-up»-sal i møbelbygda Sykkylven. Framover har dei planar om å gjere meir av dette - etter at dei har fått sydd opp fleire kåper.
– Etter vi var i Sykkylven har symaskina gått i eitt. Vi ser at jungeltelegrafen jobba i etterkant og selte unna alt vi hadde på lager, seier ho.
Tomren fortel at folk gjerne ventar eit halvt år for å få sitt eiga heilt unike kåpe. Tilgangen på tekstilar er ikkje noko problem.
– Om folk vil ha noko heilt spesielt, så kan vi óg bestille frå Gudbrandsdalens Uldvarefabrik eller Innvik. Men dei aller fleste vil heller ha restestoff, seier ho.
– Konkurrerer med store motehus
Denne veke blei rekneskapen for 2024 offentleg. Det viste at bedrifta selde kåper for drygt 355.000 kroner i fjor.
Resultatet hamna samtidig godt på plussida med eit overskot på nær 130.000. Sjølv om summane ikkje er store, er familien nøgd med drifta er lønnsam.
– Vi driv med individuelt design i ein bransje der vi konkurrerer med store motehus som har langt høgare budsjett. Alt vi får inn, går tilbake til produksjonen. Marknadsføring og slikt brukar vi minimalt med pengar på, fortel Tomren.
| Kaape As | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 0,36 | 0,22 |
| Driftsresultat | 0,13 | -0,04 |
| Resultat før skatt | 0,13 | -0,04 |
Publisert: 12.05.2025 05:00
Sist oppdatert: 12.05.2025 21:52






