Kaape Magasin 19
ULIKE ROLLER: Kornelia Rødal Tomren er forretningsutviklar, Lilla Rødal arbeider med produksjon og rekneskap, medan Josefine Rødal Tomren har mest med marknadsføring å gjere.
Nytt

Frå godstol til glamour

I hjartet av Tomrefjord lever arven frå nordvestlandsk tekstiltradisjon gjennom familiebedrifta Kaape.

Før verftsindustrien sitt inntog i Vestnes var det konfeksjonsindustrien som trona. Både menn og kvinner arbeidde der. På det meste hadde Tomren-fabrikken 400 tilsette, men alle arbeidsplassane forsvann.

– Ut på 70-talet ein gong. Då begynte dei å flagge ut og sy kle i lågkostland. Då gjekk Tomren Fabrikker konkurs, seier Lilla Rødal.

Dei fleste frå konfeksjonen fekk jobb på verftet, og den gamle fabrikken sto delvis tom.

Bowlinghall var svaret då kommunen hadde spørjeundersøking om kva bygget skulle brukast til. Her hjelpte Lilla til, og med på dugnaden var fleire pensjonistar, som hadde jobba på Tomren fabrikker tidlegare.

– Eg kom i kontakt med ei som hadde mange kåper. Dei var like fine som dei hadde vore for fleire tiår sidan.

Her starta tanken om å produsere kåper sjølve, som blei til etableringa av Kaape, med mor Lilla Rødal og døtrene Josefine og Kornelia Rødal Tomren som grunnleggarar og drivarar.

Norsk ull og møbelrestar
No satsar dei på norsk ull, restestoff frå møbelbransjen og norsk produksjon.

– I 2016 var det fleire medieoppslag om at norske bønder kasta ull og grov det ned. Dette synes vi var veldig synd, seier Josefine.

Kornelia fortel at dei på eit konfeksjonsmuseum i Tresfjorden såg haugevis av stoff som låg ubrukt.

Fleire møbelprodusentar som har reststoff liggande har etter kvart kontakta Kaape. Slik blir stoffet brukt til kåpeproduksjon, i staden for å bli liggande i ei hylle.

– Når vi er ute og møter produsentar, ser vi at dei ikkje kastar stoffa sine. Dei vil det skal bli brukt, seier Kornelia.

Kaape Collage
FAMILIEBEDRIFT: Josefine Rødal Tomren (f.v.), Lilla Rødal og Kornelia Rødal Tomren utgjer trioen som står bak Kaape.

Stoltheit i det gamle
Kaape-grunnleggaren vil at folk skal vere stolte av å ha plagga deira. Difor er historia bak plaga viktig. Om kvart plagg har ei unik historie om kor stoffet kjem frå, og det kostar litt, vil ein ta vare på det, meiner Lilla.

– Før i tida hadde dei gjerne berre ei kåpe. Og den hadde dei i fleire år.

Målgruppa er kundar som vil betale mykje for eit plagg – dei som heller vil kjøpe eitt dyrt plagg som kan vare i fleire år, enn fleire billege plagg som fort blir utslite.

– Vi ligg i same prisklasse som Burberry, Chanel og Dior, seier Josefine.

– Vi er ikkje heilt der. Du kan ikkje seie vi er det same som Chanel, for der kostar ein strikkegensar over 30.000 kroner, rettar søstera Kornelia.

– Men Burberry då. Der kostar ei jakke rundt 15.000.

Kaape Magasin 28
NORSK PRODUKSJON: Om ein vil at fleire produkt skal bli produsert i Noreg, meiner trioen at folk må stemme med lommeboka.

– Det er mykje grums
Josefine meiner folk ikkje skal skamme seg over å kjøpe billiege plagg frå utlandet. Likevel ber ho folk tenke over kva som litt bak prisen.

– Det er mykje grums. Billig arbeid og barnearbeid.

Sjølv nektar dei å legge delar av produksjonen til utlandet.

– Korleis i alle dagar klarer kjedebutikkane å produsere ei kåpe til 699 kroner? Det går på kostnaden av eitt eller anna, seier Kornelia.

Kaape Magasin 16
MEIR INDIVIDUALISTISKE: Lilla Rødal meiner folk har blitt meir individualistiske i klesvegen enn før, og at å bruke kåper ikkje blir latterliggjort lenger.

– Meir livsstil enn arbeid
Ingen av dei tre jobbar fulltid med Kaape. Dei omtalar det meir som ei idealistisk bedrift.

Lilla jobbar på Fargerike. Josefine har eige firma. Kornelia arbeider i etasjen over, i far hennar sin ventilasjonsbedrift.

– Vi har alle sterke meiningar, og kjem frå forskjellige roller. Kornelia held seg på berekraft og «pengepassing», mamma tenker på kva som er praktisk gjennomførtbart, og eg køyrer på med store draumar om å skaffe fotograf, catwalk og alt mogleg, seier Josefine.

Ho veit ikkje om det hadde vore mogleg å halde på slik, viss dei ikkje hadde vore i familie. Om ho kjem på ein idé reiser ho fort til dei andre for å drodle sjølv om det er seint på kveld.

Kornelia er stolt av at dei har ei familiebedrift. Ho føler mange fnyser ved tanken.

– Det blir meir livsstil enn arbeid. På godt og vondt. Den er der i alle livsfasar.


Publisert: 24.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 29.12.2023 10:41

Mer om