Ann helen svinø bro 11
OPNAR IGJEN: Permitteringane er kalla attende og Bro og Bryt-sjef Ann-Helen Svinø vil opne dørene igjen i januar. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kallar dei tilsette tilbake på jobb

Bro og Bryt-sjef Ann-Helen Svinø ringte alle sine tilsette for å fortelle at permitteringane er avlyste.

22.12.2021

Det er forbetringa av lønnsstøtteordninga og nye, grundige berekningar dei siste dagane som gjorde at ho ombestemte seg, fortel Svinø til NETT NO.

Då regjeringa skjerpa smitteverntiltaka mot koronaepidemien frå mandag 13. desember, og mellom anna innførte skjenkeforbod, sende Svinø permitteringsvarsel til 23 tilsette og stengte restaurantane ved Hellebroa i Ålesund frå onsdag 15. desember.

Dei tilsette blei permittert i uviss tid, og framlegget til ei lønnstøtteordning som regjeringa la fram fredag kveld 17. desember fekk ikkje Svinø til å endre meining.

Les også

Også Dampsentralen i Pir-bygget i Ålesund, Molo Brew og T2 har kalla tilbake dei tilsette.

Scandic Parken, som er med i Scandic-kjeden men eigd av Haagensen-familien og styrt lokalt, hadde permitterte omlag 30 frå mandag denne veka.


Onsdag vart permitteringane kalla tilbake. Det er ein kombinasjon av årsaker til at hotellet avsluttar permitteringane, mellom anna ønskjet om å innbå belastninga på dei tilsette, ifølgje administererande direktør Sven Erik Moe.

49 permitterte
Ivar Breivik i XL Group har 49 tilsette permittert på sine restaurantar, mellom dei XL Diner på Skateflukaia. Han har ikkje endra meining om lønnstøtteordninga. Det er kravet om at ingen må permitterast som er årsaka til at han ikkje vil bruke lønstøtteordninga.

Ordninga treff ikkje små restaurantar, etter Breivik si vurdering.

Han har op ein restaurant, Happy Elephante, mellom anna for å servere take-away-kundar, og har permittert og stengt dei andre.

Snudde med betre ordning
Mandag denne veka blei SV og regjeringspartia samde om ei forbetring av lønsstøtteordninga. Det var med på å få blant andre Svinø til å snu, og gjorde at tre store nasjonale hotellkjeder valde å ikkje permittere.

Mellom anna vart taket for kor mykje støtte ein kunne få per tilsett heva frå 30.000 til 40.000 kroner per månad.

I høve til regjeringa sitt første framlegg er også kriteriet for å få støtte endra, frå å ta utgangspunkt i inntektene i november til at bedriftene heller kan vurdere inntektstapet frå tilsvarande månad i fjor. Begge dei endringane var med på å gjere at Svinø ombestemte seg, i tillegg til ønskjet om at unngå at tilsette sluttar fordi dei vart permitterte og tapte inntekt.

Publisert: 22.12.2021 14:21

Sist oppdatert: 23.12.2021 10:23

Mer om