Kamera er alfa og omega
SER SJØLV: Dronen til Griff Aviation skal kunne flyge på eiga hand mellom anna takke vere kamera som gjer at dronen både kan sjå kvar den er, kvar den skal og kva den skal gjere. I år ventar Sykkylven-selskapet å vere i gang med si første kommersielle kontrakt fortel designsjef Svein Even Blakstad.
Nytt

Kamera er alfa og omega

Utan kamera, ikkje noko Griff Aviaton, Currence Robotics eller heilautomatiserte fiskeforedlingsanlegg.

10.02.2021

I desse dagar har Griff Aviation ein stor del av staben i Italia, for å arbeid med eit prosjekt der målet er å kunne bruke selskapet sine helikopterdronar i byar - til dømes til fraktoppdrag.

Om dronane skal styrast av ein person som følgjer etter i bil på bakken, er heile effektiviseringspoenget borte. Målet er at dronane kan styre seg sjølv, og berre overvakast frå ein kontrollsentral. Difor må dronen kunne sjå, for at datahjernen skal kunne styre.

- Då er kamera alfa og omega, seier designsjef Svein Even Blakstad i droneprodusenten Griff Aviaton i Sykkylven.

Ser insekt

Kamerateknologien er nøkkelen til at gründerane og staben i Griff Aviation kan sette ideane sin ut i livet - å utvikle og bygge store solide dronar til profesjonell bruk til frakt- og arbeidsoperasjonar.

- Eit leiketøy, svarar Blakstad på kva selskapet kunne laga utan kamerateknologi.

Den verdsomspennande koronaepidemien gjorde det vanskeleg å få reist rundt og vist fram dronane, men Griff Aviation greidde å halde tre større testprosjekt i gang, i Canada, i Japan og i Australia.

Minst eitt av desse prosjekta blir ein kommersiell avtale i år, ifølgje Blakstad.

- I løpet av året i år er vi i alle fall godt i gang i Australia, seier han.

Trekkjer kraftleidningar

I Australia blir Griff-dronane brukt til å fly frå kraftmast til kraftmast og trekke ein fiberkabel ein lang distanse, før kablene blir kobla til ein vinsj på eit køyretøy, som trekker sjølve kraftkabelen etter.

Det går kjappare, krev færre folk og mindre inngrep i naturen enn om alt skal gjerast på bakken, og er sikrare enn å bruke bemanna heikopter.

I Japan blir dronane også testa i samband med bygging av kraftliner, men då til fraktoppdrag, og i Canada blir dei utprøvde til av-ising av fly.

Ser insekt

Med mindre høve til å reise setter Griff Aviation meir krefter inn på å utvikle sjølve dronen. Den er blitt 30 prosent lettare og meir solid i løpet av koronatida, og er bygd slik at elektronikk, programvare, kamera og andre sensorar kan skiftast ut eller oppgraderast - utan at kunden treng å skifte ut heile dronen.

Såkalla multispektrumkamera gjer det råd å sjå meir enn vi kan fange opp med det menneskelege auget. Plassert på ein drone kan dronen til dømes kartlegge insektangrep på ein åker, og sprøyte berre når og der det er naudsynt.

Kombinasjonen kamera, radar og andre sensorar utvidar når dronen kan brukast. Radarane er blitt så følsomme at den kan kjenne att ein yatzyterning på 30 meters avstand.

Lærer seg sjølv

Optimar på Valderøya har i fleire år arbeidd for å automatisere handtering og foredling av fisk, både ombord i fiskebåtar og i foredlingsanlegg på land.

Teknologien for å få automatiseringa til gir Optimar drahjelp i salet av anlegga selskapet lagar.

Så langt har selskapet seld 44 bløggrobotar fordelt på 13 anlegg, og 15 anlegg der fisken blir automatisk sortert. Kamera, kombinerte med kunstig intelligens er nøkkelen til både bløggerobot og sorteringsanlegga.

Teknologien er veldig godt utprøvd gjennom aquaculture (oppdrett) og vi er no iferd med å overføre teknologien til ombordproduksjon på kvitfisk, skriv sals- og marknadssjef Viggo Brevik hos Optimar i ein epost. I løpet av året er målet og å kunne ferdigstille teknologien til å sorterer makrellfilet etter kvalitet.

Fisken vert elektrisk stunnet (bedøvd) før ein bløggerobot stikk fisken med eit vertikalt kutt gjennom gjelleloka og med det kuttar hovudpulsåra på begge sider. Ved hjelp av artsgjenkjenninga sørgar vi for at kniven treff nøyaktig der den skal, med fiskens auge som referanse punkt - samt vi kan programmere bløggeroboten til å berre bløgge den fisken du vil skal bløggast. For eksempel vil du kanskje ikkje bløgge rødfisken. Då let vi den passere. Vidare blir artsgjenkjenninga brukt til sortering både på fiskeslag og/eller storleik. Dataprogramma er laga slik at datamaskina er i stand til å lære. Dess fleire fisk anlegget handterer, dess betre blir det, skriv sals- og marknadssjef Brevik.


Sorterer pallar

Currence Robotics i Sula lagar robotar som finn og hentar pallar med varer frå lager, og robotar som sorterer pallar som kjem i retur. Skadde pallar blir luka ut.


Begge robotane er utstyrt med kamera og kombinerer to- og tredimensjonale bilde og kunstig intelligens for å analysere og kjenner att pallane.

Denne teknologien er grunnlaget for selskapet, fortel Tommy Skeide i Currence Robotics.

Krevande teknologi

Saumprosjektet til møbelprodusenten Ekornes er kanskje det mest kjente dømet på bruk av kamerateknologi for å automatisere industriproduksjon på Nordvestlandet. Det viser også at det er krevande å ta teknologien i bruk.

Etter ti års utviklingsarbeid tok Ekornes i 2016 bruk ein robot som syr saman hud og ein mjukt stoff på innsida, som gjer stolen eller sofaen ekstra mjuk å behagleg å sette seg i.


Ei erfaren syerske har følelsen i fingertuppane, ser korleis stoffet rører på seg medan ho styrer det gjennom symaskina, finmotorikken som gjer at ho kan sy rett som ein strek i akkurat passe avstand til kanten, erfaringa som må til for å klare å rynke stoffet når ho skal, og halde stoffet slett og glatt når det skal vere det. I tillegg skal det går det fort.

I roboten sender et kamera fleire titals biletet i sekundet til datamaskina som styrer roboter, og korrigerer kontinuerleg syprosessen. Draumen til Ekornes var at syroboten som vart installert i 2016 skulle vere starten på ei omfattande robotisering av arbeidet i saumavdelinga, men førebels har ikkje automatiseringa kome lenger.

- Grunnen til at vi ikkje har gått videre med saumautomatisering, er kompleksiteten i prosjektet, og at vi difor har valgt å bruke ressursane våre siste åra på vidare automatisering og robotisering i komponentproduksjon. Vi gjennomfører kvart år nye prosjekt der vi robotiserer og automatiserer for stadig å styrke konkurranseevna vår, skriv teknisk sjef Jon Einar Løvoll i Ekornes i ein e-post til NETT NO.

På eit kan du mellom anna sjå og Optimar og Currence presentere ein del av teknologien sin.

Denne teknologien er grunnlaget for selskapet

Publisert: 10.02.2021 06:00

Sist oppdatert: 08.03.2023 12:24

Mer om