Kan berre lande på sju av femti akuttsjukehus
Det nye redningshelikopteret kan lande i Ålesund, og skal etter planen kunne lande ved det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.
Eitt år før dei nye redningshelikoptera skal vere i drift, kan dei berre lande på sju av femti akuttsjukehus i Noreg, viser ei kartlegging frå NRK.
I 2020 melde NRK at dei nye redningshelikoptera «Sar Queen» berre kan lande på seks av femti akuttsjukehus her til lands. Årsaka er at lufttrykket frå helikoptera ved landing og avgang er for høgt og skaper problem.
Erstattar Sea King
Helikoptera skal vere på plass innan 2023 og dermed ta over for Sea King-helikoptera, men framleis er det få akuttsjukehus helikoptera kan lande på.
– Vi skulle nok ha ønskt at det hadde gått fortare, og at den førre regjeringa hadde gjort større del av denne jobben. For det er klart at desse helikoptera er det viktig å ta i bruk, og at dei kan brukast på ein operativ måte av helsetenesta, seier statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap).
Ålesund
Slik det er no, kan Sar Queen lande på desse sjukehusa:
Bodø, Stokmarknes, St. Olav, Levanger, Ålesund, Haukeland og Førde. Sjukehuset Nordmøre og Romsdal, som skal erstatte Kristiansand og Molde sjukehus, blir forebudd for Sar Queen, og også nytt sjukehus i Stavanger vil få landingsplass for Sar Queen.
Publisert: 26.01.2022 08:22
Sist oppdatert: 26.01.2022 09:10