Brødrene Aa i Hyen overleverte torsdag hurtigbåten MS Hollendaren til Troms og Finnmark fylkeskommune.
I tillegg til å ta 73 passasjerar, har båten lastekran og bildekk som kan frakte eit 19 meter langt vogntog på opptil 50 tonn.
– I Finnmark er dei fleste hurtigbåtane bilførande båtar. Hollendaren vert henta inn for å auke den totale flåten i fylket, slik at vi står betre rusta når ras eller liknande stengjer samfunn og gjer at vi må setje inn reserveruter til veglause samfunn på kort varsel.
- Båten vil altså styrke reservekapasiteten i Finnmark, fortel Ole Håkon Tønseth Haraldstad ass. avdelingsleiar/seksjonsleiar drift øst i fylkeskommunen, i ei pressemelding.

Dekk i karobonfiberkompositt
Brødrene Aa har designa ein hurtigbåt der dekket skal kunne tole eit akseltrykk på12 tonn. Båtar som skal ta personbilar må til samanlikning tole eit akseltrykk på 2 tonn.
– Det som er litt spesielt med denne båten, er at dekket er laga i karbonfiberkompositt. Mange vil kanskje tru at ein båt som skal tole ein tung lastebil om bord, må ha eit ståldekke, seier Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa, i pressemeldinga.
Det blir vist til at karbonfiberkompositt er eit slitesterkt materiale med lang levetid. På denne båten var det behov for å forsterke delar av dekket og Brødrene Aa landa på å bruke eit byggeprinsipp som er nytta til brukonstruksjonar. Det blir opplyst at det er gjort grundige analysar for å konstruere eit dekk som toler eit så høgt akseltrykk.
– Vi har i tillegg installert ballasttankar framme og bak i båten, for å handtere lastvariasjonar, seier Aa.
Når til dømes ein lastebil full av fisk, eller ein sementbil køyrer om bord bak, må lastetanken framme fyllast med sjøvatn for å utlikne vekt i fartøyet.
Mange vil kanskje tru at ein båt som skal tole ein tung lastebil om bord, må ha eit ståldekke
Fleksibel landgangsløysing
I tillegg er båten utstyrt med eit romsleg lasterom og ei stor kran til å laste båten. Krana kan også nyttast til å løfte om bord bilar.
Landgangsløysinga er fleksibel og gjer det mogleg å ta om bord passasjerar, medrekna rullestolbrukarar, på kaier med ekstra stor forskjell på tidvatn.
Hurtigbåten kan halde ein operasjonsfart på 26 knop, og har dermed eit bredt bruksområde.
Fylkeskommunen gler seg til å ta hurtigbåten i bruk og få styrka kapasiteten:
– Hollendaren skal inn som hovudfartøy i MåsøyXpressen. Der vil han dekke trafikken i det som tidlegare var eit ferjesamband, og difor har til dels stort behov for køyretøytransport – spesielt i sommarhalvåret, fortel Tønseth Haraldstad.
Publisert: 05.11.2021 10:33
Sist oppdatert: 05.11.2021 12:35