Brødrene Aa skal utvikle batteriteknologi
Elleve prosjekt deler på den grøne omstillings-milliarden til staten.
NPK-NTB/NETT NO: Hurtigbåtbyggjaren Brødrene Aa i Hyen er partnar i eit prosjekt for å utvikle betre batteriteknologi og produksjonsteknologi for batteri som har får 52 millionar kroner i støtte frå det det regjeringa kallar "Grøn plattform".
Dei andre partnarane i prosjektet er Zem AS, Nordic Batteries AS, Intek Engineering, Siemens AS, Institutt For Energiteknikk, Tronrud Engineering, USN, IFE, Manufacturing Technology Norwegian Catapult AS, Beyonder, Moen Marin AS, Kongsberg Terotech AS, Freyr, Kongsberg Maritime og SINTEF Manufacturing.
ÅKP i Ålesund er partnar i eit anna prosjekt, Sirktre, som skal bidra til ombruk og mindre materialbruk i byggenæringa. Sirktre får 105,7 millionar i støtte.
Oshaug Metall, Christie & Opsahl og Prodtex er partnarar i prosjektet Alugreen, som skal utvikle bruken av resirkulert aluminium. Prosjektet får 76,9 millionar kroner i støtte.
Deler ut ein milliard
Til saman deler regjeringa ut ein milliard kroner fordelt på 11 prosjekt.
– Eg er veldig glad for at vi no har delt ut ein milliard kroner frå Grøn plattform. Her har privat næringsliv, forskingsaktørar og andre gått saman for å realisere store og ambisiøse omstillingsprosjekt, frå heilt grunnleggjande forsking, til løysingar som er klare for marknaden, seier næringsminister Iselin Nybø (V).
Søkte om 4,2 milliardar
Totalt vart 44 prosjektsøknader om til saman 4,2 milliardar kroner sende inn. Regjeringa hadde sett av 1 milliard og måtte seie nei til fleire. Om lag 125 millionar kroner står att og vil bli delt ut i løpet av hausten.
Den største tildelinga går til prosjektet Zero Kyst, som får 120,1 millionar kroner til å prøve å utvikle nullutslepps fiskefartøy med tilhøyrande infrastruktur.
Prosjekt for avfallsfrie byggjeplassar, produksjon av mikroalgebiomasse til fôring av laks, C02-lagring, gjenbruk av treverk og hybride sol- og vasskraftverk fekk òg støtte.
Forskingsrådet, Innovasjon Noreg, Siva og Enova samarbeider om ordninga og har valt ut dei beste prosjekta frå næringslivet og forskingsinstitutta som får støtte.
Publisert: 07.09.2021 15:21
Sist oppdatert: 08.09.2021 07:46