Janne Grete Strand Aasnes Elidsabeth Strand foto Ogne
BERRE EIN ER GODKJENT: Søstrene Janne Grete Strand Aasnes (t.v.) og Elisabeth Strand vil dele fiskebåtreiarlaget seg i mellom og eige kvar sin båt gjennom kvar sine selskap. For å kunne gjere det må Elisabeth Strand skaffe seg nok fartstid som fiskar, trass årelang erfaring i drifta av reiarlaget. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kan få politisk drahjelp

Fiskebåt er avhengig av politikarar som vil ta tak i spørsmålet om kven som kan eige fiskebåtar.

29.08.2025

Bransjeorganisasjonen Fiskebåt har foreslått ei regelendring for at fleire kan bli godkjent som såkalla administrerande reiarar med rett til å vere majoritetseigar i fiskebåtreiarlag.

Organisasjonen vil både at eit fiskebåtreiarlag kan ha fleire administrerande reiarar - og at kriteria for å bli godkjent som administerande reiar blir mjuka opp.

Det er ei endring som politikarpanelet på Fiskebåt Vest sin fiskerikonferanse i Ålesund fredag var open for.

– Eg synest vi bør ha meir fleksibilitet, seier Per Vidar Kjølmoen, som er stortingsrepresentant og Ap sin førstekandidat i Møre og Romsdal.

Han deltok i panelet saman med Hans Olav Myklebust (Frp), Helge Orten (H), Erik Rolfsen (V), Geir Inge Lien (Sp) og Harry Valderhaug (Krf)

Reiste til sjøs
Organisasjonen har mellom anna vist til situasjonen til søstrene Strand, som ønskjer å dele fiskebåtreiarlaget Strand Havfiske seg i mellom, og eige og drive kvar sin av dei to båtane reiarlaget har i dag.

Trass i årelang administrativ erfaring er Elisabeth Strand ikkje godkjent som såkalla administrativ reiar av Nærings og fiskeridepartementet og kan difor ikkje vere majoritetseigar i eit fiskebåtreiarlag.

Det set ein stoppar for delingsplanane. 

For å kome innanfor regeleverket har ho difor mønstra på som fiskar og skal ut på fiske både i år, neste år i 2027. Etter det har ho innfridd kravet til å bli såkalla aktiv fiskar, som er den andre kategorien som kan vere. Då kan delinga gjennomførast.

Publisert: 29.08.2025 15:52

Sist oppdatert: 29.08.2025 19:44

Mer om