Entec Norplast Latvia HOVED 014 kopi
TILGANG TIL SJØEN: I kystbyen Liepaja har Norplast-selskapet eigen kai, krankapasitet og stort areal. I tillegg til eigen produksjon ser Gatis Ginters føre seg at dei kan vere terminal for komande havvindindustri.
Nytt

Kan ha storproduksjon på eigen kai

Storleik både i produksjon og areal er stikkordet for at Norplast-selskap sikra seg tilgang til sjøen.

27.12.2023

Om du googlar Liepaja i Latvia, er sjansen stor for at du får opp bilde av ei flott sandstrand. På den andre sida av den latviske kystbyen finn du eit anna bilde. Her ligg eit stort industriområde, med ei historisk viktig hamn som er isfri året rundt.

Her har Norplast Piemare – eit av Norpartners sine latviske selskap - etablert seg på ei 50 mål stor tomt og 400 meter med eigen kai.

– Vi har allereie hatt god nytte av arealet. Ved ein av leveringane stod delar så store som leilegheiter på rekke og rad, seier dagleg leiar Gatis Ginters.

Entec Norplast Latvia 006 KOPI
400 METER EIGEN KAI: Å frakte store modular langs landevegen kan vere ei utfordring. I Liepaja har Norpartners rikeleg med plass.

Treng plass til store oppdrag
Han peiker på eit ark på veggen i eine arbeidsbrakka som viser kva dei har laga til no. Det så langt største oppdraget var eit kar på 17 tonn. Storleik er eit av stikkorda for kvifor dei har etablert seg i kystbyen.

– Ordrar som er breiare enn 8,5 meter kan vi ikkje frakte langs vegen, fortel Ginters.

Og sjølv installasjonar som er smalare, kan vere problematisk nok å transportere på latviske vegar frå den andre fabrikken til Norpartners i innlandsbyen Saldus.

Nytt produksjonslokale på kaia
I Liepaja har selskapet direkte tilgang til sjøen og kan produsere så å seie på kaia i eit produksjonslokale som stod klart tidleg i 2023. Her har dei óg to store kraner som kan losse ferdige leveransar direkte om bord i skipa.

– Vi har óg plass til å lagre dei store formane vi nyttar. Når du brukar delar som kanskje er 200 kvadratmeter store, treng du litt plass til lagring. Også bør ikkje ting stå i vegen om det brått blir bruk for den, legg han til.

Og dei kjem openbert til å trenge plassen framover. Mellom dei neste prosjekta i ordreboka er eit kar av glasfiber som måler 45 gonger 25 meter.

– Det kan vi shippe enkelt ut herifrå, seier Ginters.

Entec Norplast Latvia008 kopi
NY PRODUKSJONSHALL: Våren 2023 tok Norpartners i bruk den nye produksjonshallen som ligg med direkte adgang til kaia.

Liepaja, Latvia:

Sentral plassering ved Østersjøen gjer Liepaja til eit naturleg knutepunkt for gods- og logistikkhandtering. Byen har óg vore eit satsingsområde for latviske styresmakter. I 1997 vart det oppretta ei særskilt økonomisk sone som inkluderer gunstige skatteordningar.

Kan vere støttebase for havvindindustri
Norplast Piemare-sjefen fortel at dei vurderer fleire moglegheiter for vekst. Latvia er i full gong med å satse på havvind og alle dei aktuelle områda ligg i ein radius på ti mil frå hamna i Liepaja.

I kjølvatnet følgjer planar om å opprette ein støttebase og eit Østersjøen-senter både for produksjon og logistikk, samt utdanning av folka som trengst til den nye industrien.

Det er ei utvikling det norskeigde selskapet gjerne vil vere med på.

– Her vil vi ha kapasitet til å serve supplyskip som treng å kome til kai for reparasjon, eller for å lagre ein installasjon for kortare tid. Vi ser føre oss å kunne operere som ein slags terminal for den trafikken ved sidan av hovudverksemda, seier Ginters.

Entec Norplast Latvia013 kopi
BUDD I NORGE: Gatis Ginters har budd i Norge og fortel at den erfaringa gjorde at han valde å gå frå ein jobb hos hamnestyresmaktene i Liepaja, til rolla som dagleg leiar i Norplast Piemare.

Publisert: 27.12.2023 13:31

Sist oppdatert: 27.12.2023 16:32