Ivar Gustad Kim Lillebø montasje Norplast foto Marius 11
LATVIA: Ivar Gaustad (t.v.) har jobba med å bygge bedrifter i Latvia sidan 1990-talet. Kim Lillebø har kome inn i verksemda via faren sitt samarbeid med Gaustad. Norpartners i Saldus har i mange år laga styrehus for anleggsmaskinane til Doosan og Hyundai – tidlegare Moxy i Elnesvågen.
Nytt

Lille Sunnmøre i Latvia

Ei klynge med bedrifter eigd frå Nordvestlandet har vekse fram på den latviske landsbygda.

26.12.2023

Kring den latviske byen Saldus har det gjennom fleire tiår vekse fram ei klynge med bedrifter frå Sunnmøre. Felles for mange av dei, er at herøyværingen Ivar Gaustad har hatt ein finger med i spelet.

Kring 30 år etter at Gustad kom hit for første gong, har kring 110 personar arbeidsplassen sin berre i dei sju selskapa han er med i.

– Det går veldig godt. Det er høg aktivitet, vi er fullbooka ut året, og har planar om å vekse, seier Gaustad til NETT NO om korleis det går med forretningsverksemda.

I tillegg har han vore rådgjevar og tilretteleggjar for fleire selskap, med minst like mange tilsette, som har etablert seg i den landlege småbyen.

Klynge med 12 bedrifter
I dag huser byen med kring 15.000 innbyggjarar 12 bedrifter med bakgrunn frå Norge.

Saldus-etableringa av dei sunnmørske bedriftene starta med eit Siva-prosjekt som havarerte. Det enda med at Ivar Gaustad og dåverande Norpartners tok over arealet der det var planar om å bygge ein industripark med statlege pengar.

I starten blei fleire bygg renovert og teke i bruk. No er det kome opp fleire nye produksjonshallar - og i alle er det full aktivitet.

Entec Norplast Latvia017 KOPI
SUNNMØRSKLYNGE: I dag er det kring 12 «norske» bedrifter i den latviske byen Saldus. Dei fleste har eigarar frå Sunnmøre.

Flytta inn i tidlegare hønsefarm
– I dette bygget låg ein kjempestor hønsefarm, fortel Gaustad og guidar journalisten gjennom det første lokalet dei tok i bruk.

I dag står det Entec Norplast på skiltet over bygget, etter at Gaustad sitt selskap Norpartners blei kjøpt opp av det Ulstein-baserte konsernet.

I nabobygga har Jets-konsernet og Libra-Plast frå Hareid produksjonslokale. Tvers over vegen har John Gjerde frå Gjerdsvika ei avdeling, og bortafor ei mark held Frøystad Fiskevegn frå Herøy til. Dei er siste tilskot til den norskeigde næringsklynga.

Møtt med skepsis i starten
Gaustad hugsar godt skepsisen på 1990-talet då selskap som Libra-Plast og Jets første gong fann ut at dei ville utvide verksemda til Baltikum. «Alle» var sikre på at det ville føre til færre arbeidsplassar heime på Sunnmøre.

– Dette med å flytte ut, er ikkje anten eller, men både og, seier Gaustad og viser til at begge bedriftene i dag har langt fleire tilsette – både i Norge og utlandet.

Han er ikkje i tvil om at utviklinga i dei 30 åra har vore positiv – på fleire vis.

– Denne næringsutviklinga har også vore med å bygge demokrati og lokalsamfunn her nede, samtidig som det har gitt oss moglegheit til å vekse, seier han.

Langt lågare lønner
Betre tilgang på arbeidsfolk og lågare lønningar har i utgangspunktet vore dei store drivarane for utflytting av norske bedrifter til utlandet. Då dei første sunnmørsbedriftene etablerte seg i Baltikum frå midten av 1990-tallet, var lønnene om lag ein tidel av lønna til ein industriarbeidar i Norge.

Slik er det ikkje lengre, men framleis ligg lønnene langt under norsk nivå. Ein typisk arbeidar hos Gaustad sine bedrifter tener kring 17.000 euro i året – eller nærare 200.000 kroner.

Tidlegare hadde dei ei bok med namn på personar dei kunne ta kontakt med, om det var behov for fleire tilsette. Slik er det heller ikkje lengre, men tilgangen på arbeidskraft er betre enn i Norge.

– Vi har vore bortskjemde i mange år, men no må vi ut på marknaden og søke etter folk, seier Gaustad.

Entec Latvia 1
STÅLDØRER TIL SKIP: Libra-Plast har laga ståldører til skip i Saldus sidan 1990-talet. Marius Lauva har vore med sidan starten.

– Gode på å omstille oss
Herøyværingen meiner det ikkje er tilfeldig at bedrifter frå Sunnmøre var tidleg ute med å etablere seg i Baltikum.

– Vestlendingen søker gjerne moglegheiter når ting ikkje fungerer der han er; om det er Amerika, Sørishavet eller nordområda. Også er vi gode på å omstille oss, seier Gaustad.

Avdøde Jets-gründer Kåre Audun Haddal og Arne Lillebø har vore sentrale samarbeidspartnarar for Gaustad heilt sidan 1990-talet. Lillebø er tidlegare sjef og medeigar i Libra-Plast, som i 2021 fekk svenske majoritetseigarar.

– Trygg og god plass å starte
Familiebedrifta frå Hareid blei starta opp i 1954, og opna produksjon i Latvia i 1997.

– Sjølvsagt var det økonomi og tilgang på arbeidskraft som var årsaka. Men vi søkte også sikkerheit og opplevde at vi var velkomne. Det var ein trygg og god plass å starte, seier Lillebø om bakgrunnen for at dei valde å etablere seg nettopp i Saldus.

Han er ikkje i tvil om at det har vore enklare å etablere stabile arbeidsplassar i ein landleg by som Saldus, samanlikna med til eksempel Riga.

Entec Norplast Latvia006 KOPI
ROLEG OMRÅDE: Ivar Gaustad (t.v.) og Arne Lillebø meiner det har vore enklare å rekruttere stabil arbeidskraft i eit roleg område som Saldus, samanlikna med hovudstaden Riga.

Leveransar til Nordvestlandet
Industriklynga har vekse i ulike retningar, men mykje heng saman med verksemd på Nordvestlandet.

I eit lokale vert det bygd styrehus for anleggsmaskinane til Doosan og Hyundai – tidlegare Moxy i Elnesvågen. I hallen ved sidan av, byggast skrog i glasfiber til Maritime Partner i Ålesund.

Arne Lillebø er i Latvia grunna eit styremøte, og med seg har han eldstesonen Kim. Både han og brørne har vore med i forretningsverksemda i ei årrekke allereie.

– Lojalitetsfølelsen mange tilsette viser i dag, er bygd opp gjennom mange år. Det kjem nok både av stabile lønner og arbeidsforhold, men også fordi selskapa har hatt god vekst og vore flinke til å sponse barne- og ungdomsarbeid i lokalsamfunnet, seier Kim Lillebø.

Å sponse lokalmiljøet var eit uvanleg grep i latvisk næringsliv, og har bidrege til at bedriftene er synlege i lokalmiljøet.

Entec Latvia 5
LASTEBILFABRIKK: Eurotruck som bygger skap til mindre lastebilar, er ein av knoppskytingane i den sunnmørske næringsklynga i Saldus.

Skreddarsyr lastebilar
Kim Lillebø og Ivar Gaustad tek med journalisten til ein annan kant av byen der fleire selskap held til.

Her ligg Lanos som driv med stålproduksjon og har kring 100 tilsette i arbeid. Namnet er ei samansetning av Latvia og Norge. Gaustad kom over anlegget då bilverkstaden som låg her tidlegare, blei lagt ut for tvangssal.

Nær det same anlegget lagar selskapet Eurotruck skreddarsydde skap til mindre lastebilar med kjøleskap, eller andre spesialfunksjonar. Materiala er sandwichpanel frå nok eit norskeigd selskap, Scanpanel, som ligg vegg-i-vegg.

— Her bygger vi kring 100 til 150 lastebilskap i året, seier Gaustad.

Lastebilproduksjonen kom inn i Latvia-satsinga via eit oppkjøp av eit Drammen-selskap.

Entec Norplast Latvia011 kopi
STÅLPRODUKSJON: Ivar Gaustad kom over ein bilverkstad som var lagt ut for tvangssal. Resultatet er blitt bedrifta Lanos som driv med stålproduksjon.

Ei reise i nasjonsbygging
I løpet av dei tiåra sunnmøringane har vore bedriftsleiarar i Latvia, har dei óg vore med på ei reise i nasjonsbygging.

Det første tiåret var mykje av økonomien svart. Då kunne dei oppleve at arbeidarane skifta arbeidsplass på dagen om dei fekk betre betalt ein annan plass. Etter at landet kom inn i EU vart det snart meir ordna forhold. I dag prøver Latvia å være «best i klassa» når det gjelder implementering av nye reglar og forordningar frå EU.

Det gjorde også at fleire oppdaga fordelane med å ha fast inntekt som kunne gi banklån til eigne bustader. I dag fortel dei norskeigde selskapa om stabil arbeidskraft som gjerne blir verande.

– Vi ser føre oss ein framleis organisk vekst, med litt knoppskyting innimellom. Undervegs har det kome til selskap som Scanpanel og Eurotruck, og det er små barn som skal vekse. Det er slikt vi kan – og synest er kjekt og gøy, seier Arne Lillebø.

Entec Latvia 4
LOKAL PLASS-SJEF: Maris Meija (t.v.) var mellom dei første tilsette til Ivar Gaustad og Arne Lillebø (t.h.) i Saldus, og er i dag lokal plass-sjef. – Det er mitt ansvar at alt køyrer – og ikkje stopper, fortel han.

– Det er «trustworthy» selskap
Internasjonal eigarstruktur og lokal leiing er stikkorda for suksessen, meiner Arne Lillebø.

– Vi har teke med oss den skandinaviske bedriftskulturen og strukturane frå starten av, seier han – og ser at det blir sett pris på av medarbeidarane.

Utanfor døra til Entec Norplast møter vi Maris Meija. Han er dei norske eigarane sin forlenga arm og har vore med frå starten på 1990-talet. Som mange andre tilsette, starta han med eit år i Norge for opplæring.

– Eg har styringa på alle selskapa her og det er mitt ansvar at alt køyrer – og ikkje stopper, svarar han kjapt då journalisten ber han summere opp alt han gjer.

– Vi har gode og trygge jobbar og veit at vi vil ha det i framtida. Lønna kjem i tide og skatten blir betalt. Eigarane våre er gode folk. Nokre gonger er dei tøffe, men det er slik det skal vere, seier han då vi ber han seie nokre ord om dei norske eigarane.

– Det er «trustworthy» selskap. Det er årsaka til at eg er her. Det er eigentleg veldig enkelt, legg han til.

Publisert: 26.12.2023 05:00

Sist oppdatert: 26.12.2023 10:35

Mer om