Nytt
Kan starte planlegging av landstraum
Stranda Hamnesvesen og Nordfjord Hamn får planleggingsmidlar til landstraum.
07.05.2020
Det er Enova som no deler ut sju millionar kroner til planlegging av landstraumanlegg ved norske hamner.
– Over tid skal det løne seg å selge straum til skip, og forprosjekt kan gi betre beslutningsgrunnlag for å kunne bygge landstraumanlegg som blir lønsame i drift, seier adm. dir Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding.
Enova kan dekke inntil 50 prosent av godkjende prosjektkostnader til planlegginga, med eit tak på 500.000 kroner.
Stranda Hamnevesen er tildelt 480.000 kroner, medan Nordfjord Hamn får 400.500 kroner.
Også Molde og Romsdal Havn får støtte, med 142.500 kroner. Totalt er det 18 prosjekt som har fått planleggingsstøtte i denne første runda med planleggingsstøtte.
Han seier at prosjektstøtten skal bidra til sunne forretningsmodellar og betre samhandling mellom infrastrukturtilbydar, potensielle kundar, hamn, nettselskap og andre relevante aktørar.
- Forprosjekta vil avklare spørsmål som kven som faktisk skal bruke anlegget, kor mykje straum som trengst og om det er tilstrekkeleg kapasitet i nettet.
– For å nå klimamåla vi har sett oss, er vi avhengige av å ha med oss skipsfarten, og det er oppløftande at så mange hamner vurderer å ta i bruk landstraum.
- For innan 2030 må det vere vanlig for skip å kople seg til dette når dei legg til kai.
Når det gjeld sjølve landstraumanlegget dekker Enova inntil 50 prosent av godkjende prosjektkostnader.
Det er ein føresetnad at anlegga skal driftast på marknadsmessige vilkår, vere bygde i høve til landstraumstandarden og for minimum 125 ampere og 400 volt.
– Over tid skal det løne seg å selge straum til skip, og forprosjekt kan gi betre beslutningsgrunnlag for å kunne bygge landstraumanlegg som blir lønsame i drift, seier adm. dir Nils Kristian Nakstad i Enova i ei pressemelding.
Enova kan dekke inntil 50 prosent av godkjende prosjektkostnader til planlegginga, med eit tak på 500.000 kroner.
Stranda Hamnevesen er tildelt 480.000 kroner, medan Nordfjord Hamn får 400.500 kroner.
Også Molde og Romsdal Havn får støtte, med 142.500 kroner. Totalt er det 18 prosjekt som har fått planleggingsstøtte i denne første runda med planleggingsstøtte.
- Sunne forretningsmodellar
Nakstad viser til at sluttrapporten frå forprosjekta vil gi den dokumentasjonen som trengst om aktørane ønsker å søke Enova om støtte til sjølve infrastrukturen etterpå.Han seier at prosjektstøtten skal bidra til sunne forretningsmodellar og betre samhandling mellom infrastrukturtilbydar, potensielle kundar, hamn, nettselskap og andre relevante aktørar.
- Forprosjekta vil avklare spørsmål som kven som faktisk skal bruke anlegget, kor mykje straum som trengst og om det er tilstrekkeleg kapasitet i nettet.
- Viktig for å nå klimamåla
Klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn håper mange av prosjekta blir realiserte.– For å nå klimamåla vi har sett oss, er vi avhengige av å ha med oss skipsfarten, og det er oppløftande at så mange hamner vurderer å ta i bruk landstraum.
- For innan 2030 må det vere vanlig for skip å kople seg til dette når dei legg til kai.
Når det gjeld sjølve landstraumanlegget dekker Enova inntil 50 prosent av godkjende prosjektkostnader.
Det er ein føresetnad at anlegga skal driftast på marknadsmessige vilkår, vere bygde i høve til landstraumstandarden og for minimum 125 ampere og 400 volt.
Publisert: 07.05.2020 09:29
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57