Henrik Asheim Foto Hans Kristian Thorbjørnsen Høyre
NYTT BRANSJEPROGRAM: Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) lanserer nytt program for maritime næringar. Foto Hans Kristian Thorbjørnsen Høyre
Nytt

Kan søke om opplæring av tilsette i ti bransjar

Spleiselag for utdanning av tilsette i maritime næringar er mellom nye tiltak.

Marius Rosbach
17.02.2021

(NETT.NO-NPK): Regjeringa lanserer eit nytt bransjeprogram for maritim sektor og til saman blir det lyst ut 55 millionar kroner til kompetansetiltak i til saman ti bransjeprogram. Tiltaka skal bidra til kompetanseheving i ulike næringar.

– Det nye bransjeprogrammet skal gi tilsette i næringa det faglege påfyllet dei treng for å stå betre rusta i arbeidslivet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H), i ei pressemelding.

Dei som kan søke er utdanningsinstitusjonar på alle nivå, fylkeskommunar eller private tilbydarar. Fristen er 8. april.

Fagleg påfyll i jobb
Den teknologiske utviklinga og det grøne skiftet gjer at behovet for kompetanseutvikling for sjøfolk, verftsarbeidarar og andre tilsette i maritim næring aukar.

Mange bedrifter i bransjen med om lag 84.000 arbeidstakarar, har samtidig hatt tøffe år med sviktande marknader. No blir det lagt til rette for at sjøfolk, verftsarbeidarar og andre tilsette i maritim næring skal få fagleg påfyll medan dei er i jobb.

(saka held fram under)

Blir skreddarsydd
Bransjeprogramma er skreddarsydde utdanningstilbod som blir utvikla i eit samarbeid mellom partane i arbeidslivet.

Norsk Sjømannsforbund, NHO Sjøfart, Noregs reiarlagsforbund, Norsk sjøoffisierforbund, Det norske maskinistforbundet, Nito, Tekna, Norsk industri, Industri Energi, Fellesforbundet, LO og NHO skal i samarbeid med Kompetanse Noreg finne målretta utdanningstilbod som kan passe for alle som jobbar i bransjen.

Auka innsats grunna korona
Regjeringa har auka innsatsen på slike tiltak som følgje av koronapandemien. No lyser dei ut 55 millionar kroner til utdanning av tilsette, ledige og permitterte gjennom dei ti bransjeprogramma.

– Det er framleis eit stort behov for å utvikle og tilpasse tilbod på alle utdanningsnivå slik at bransjane kan få tilgang på nødvendig og relevant kompetanse. Slik blir fleire arbeidstakarar betre rusta til å møte eit arbeidsliv i omstilling, seier direktør Sveinung Skule i Kompetanse Noreg, som har ansvaret for tilskotsordninga.

Desse bransjane er inkludert i ordninga:

  • Bransjeprogram for reiselivsnæringen
  • Bransjeprogram for frisørnæringen
  • Bransjeprogram for detalj- og faghandelen
  • Bransjeprogram for industri- og byggenæringen
  • Bransjeprogram for anleggsbransjen
  • Bransjeprogram for mat- og drikkevareindustrien
  • Bransjeprogram for elektro-, automasjons-, fornybar- og kraftnæringen
  • Bransjeprogram for kommunal helse- og omsorgssektor
  • Bransjeprogram for olje-, gass- og leverandørindustrien
  • Bransjeprogram for maritim sektor

Publisert: 17.02.2021 10:31

Sist oppdatert: 18.02.2021 12:13

Mer om