Norwegian cruisar forbi SAS i Skandinavia
STREIKEN OVER: Tidleg tysdag stadfesta partane at streiken som har omfatta 900 pilotar i Noreg, Sverige og Danmark var over. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Kan ta to dagar før alle SAS-flya er i lufta

Trafikken er stort sett i ute på Nordvestlandet tysdag.

19.07.2022

(NPK-NTB-Håkon Vatnar OIsen): Streiken er over, men det kan ta to dagar før alle SAS-flya er i lufta. Tysdag er 112 flygingar innstilte.


– Halve SAS har floge. For den andre halvdelen vil mange flygingar vere på plass allereie i dag. Om ein dag eller to er det fly på heile trafikkprogrammet, seier noregssjef i SAS, Kjetil Håbjørg, til NTB.

Avinors nettsider viser at 112 SAS-flygingar er innstilte tysdag. Onsdag er allereie 36 flygingar innstilte.

På Nordvestlandet har flya vore i ruta så langt ved flyplassane i Molde, Ørsta og Kristiansund.

Ålesund lufthamn Vigra var det kun ein mindre forseinking for ein avgang til København tysdag føremiddag. Også ved Sandande har det vore eit forseinka fly i føremiddag.

– Mange gjester som ventar
Den inngåtte avtalen mellom SAS og pilotforeiningane sikrar at 450 pilotar skal tilsettast i selskapet på nytt.

– Heldigvis så lykkast vi saman med foreiningane våre for å finne ei løysing.

Sjølv om mange har unngått SAS dei siste vekene, seier Håbjørg at flya er fulle.

– Bookingane våre er på toppsesong. Vi har dessutan mange gjester som ventar på transport heim.

Skal på uravstemming
Håbjørg seier at fleire av delar av avtalen var oppe til diskusjon fram til siste slutt.

– Det har vore vanskeleg å finne balanse i heilskapen. Alle punkt har vore oppe til diskusjon.

Avtalen mellom SAS og pilotforeiningane er på fem og eit halvt år. I Noreg er det vanleg at tariffavtalar varer i to år. Avtalen skal no stemmast over av medlemmene i pilotforeiningane.

– Tøft og krevjande for alle partar
Gjennom heile streiken har begge partar jobba for at den skulle bli så kort som mogleg, påpeikar Håbjørg.

– Det har vore tøft og krevjande for alle partar. Men eg trur denne avtalen er vegen framover.

Til saman er det rundt 10.000 tilsette i selskapet.

– SAS kjempar for alle desse arbeidsplassane. Denne avtalen er viktig for at SAS skal kunne halde fram omstillingsarbeidet sitt og vere konkurransedyktige.

– Støttar den skandinaviske modellen
Pilotforeiningane meiner at den skandinaviske arbeidsmodellen har stått på spel i denne konflikten. Noregssjefen for SAS meiner at dette ikkje har vore tilfelle.

– Vi er veldig opptekne av å følgje den skandinaviske modellen. Vi har fått kritikk om det som vi ikkje kjenner igjen, seier Håbjørg.

– Streik er ein del av den skandinaviske modellen. Ein viktig pilar i den skandinaviske modellen er at ein klarer å bli samde, det har vi også klart. SAS er ei verksemd med over 30 fagforeiningar. Vi vil på det sterkaste understreke at vi støttar og ønskjer den skandinaviske modellen.

(©NPK)

Publisert: 19.07.2022 10:17

Sist oppdatert: 19.07.2022 10:33

Mer om