Båtbygg foto Båtbygg
ARBEID: - Det er stor aktivitet innan reparasjon og vedlikehald, seier dagleg leiar Kjell-Inge Sjåstad i Båtbygg. Foto: Båtbygg
Nytt

Kan tilsette 6-8 fagarbeidarar på dagen

Båtbygg-sjef Kjell-Inge Sjåstad treng fleire folk.

09.09.2021

2020 blei eit lønsamt år for skipsverftet på Raudeberg i tidlegare Vågsøy kommune, og det ser bra ut også i år.

- Det har vore bra og ser bra ut framover. Det er stor aktivitet innan reparasjon og vedlikehald, seier dagleg leiar og største aksjonær (40 prosent) Kjell-Inge Sjåstad i Båtbygg.

Båtbygg driv i hovudsak med ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald, men tek og nybyggingsoppdrag av og til.

I fjor leverte verftet ein fiskebåt til Austral Fisheres i Australia, ein kunde verftet kjende frå fleire ombyggingsoppdrag.

Treng folk
Båtbygg har 50 eigne tilsette og mellom tilsaman 80-90 og 130 personar i arbeid på verftet.

Oppdragsmengda gjer at verftet treng fleire folk.

Har dei erfaring kan verftet tilsette seks til åtte fagarbeidarar på dagen, seier Sjåstad.

Tek utbytte
I dei fem åra 2013-2017 betalte Båtbygg berre ut utbytte i eitt år, sju millionar kroner, etter 2015.

Det var ein uvanleg lang periode utan utbytte for verftet, som hang saman med svak lønsemd.

Lønsemda er kraftig betra dei tre sist åra. Etter 2020 er utbyttet 15 millionar kroner, som gjer at eigarane dei tre siste åra har tatt ut tilsaman 41 millionar kroner i utbytte.

Båtbygg AS
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt288,0379,3
Driftsresultat20,518,2
Resultat før skatt21,419,1

Publisert: 09.09.2021 08:51

Sist oppdatert: 27.10.2021 15:55