20220710 125743
VÅGSØY ELLER KINN? Ein ny rapport slår fast at Kinn kommune fungerer dårleg og bør avviklast. I så fall kjem Kannesteinen i Oppedal og Hendaneset fyr (bak t.v.) på nytt å verte attraksjonar i Vågsøy kommune. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Kannesteinen kan på nytt hamne i Vågsøy

Ny rapport konkluderer med at Kinn kommune bør avviklast.

29.07.2022

(NPK-NTB-NETT NO) I 2020 vart kommunane Flora og Vågsøy i Vestland samanslåtte til Kinn. Grunngivingane for samanslåinga og utviklinga sidan får no krass kritikk i ein rapport.

- Våre analysar viser at innbyggjarane og fleirtalet av dei tilsette i Kinn kommune vil vere best tent med kommunen blir delt i nye Flora og nye Vågsøy kommunar. Det vil legge til rette for betre regional utvikling – for befolkning, næringsutvikling og samfunnsutvikling meir generelt», står det i rapporten som er laga av Kommunekonsult AS.

Ingen folketalsvekst
Grunngivinga for skipinga av Kinn kommune var at ho skulle gi sterkare befolkningsvekst og næringsutvikling i både Flora og Vågsøy.

– Så langt har ein ikkje sett slike verknader. Tvert imot har det vorte reduksjon i folketalet både i Kinn og i dei nye kommunedelane Vågsøy og Flora, står det i rapporten frå Kommunekonsult.

Manglar felles bu- og arbeidsmarknad
Det store problemet med Kinn kommune, ifølgje rapporten, er at Vågsøy og Flora ikkje har felles grense, og at reiseavstanden mellom kommunane er så stor at dei ikkje har felles bustad- og arbeidsmarknad. I norsk samanheng har Kinn vorte kommunen med størst avstand i reisetid og flest reiseulemper.

Kommunesamanslåinga vart ikkje støtta av Statsforvaltaren i Vestland. Det kom mellom anna av dei store avstandane mellom kommunane, og at Flora og Vågsøy ikkje har felles grense.

100 km mellom sentra
Ein rapport bestilt av Statsforvaltaren i Vestland har tidlegare konkludert med det blir dyrt å dele opp Kinn kommune.

Kinn kommune er i dag delt av Bremanger kommune, og dei to kommunesentra Florø og Måløy ligg 100 kilometer frå kvarandre.

Publisert: 29.07.2022 17:12

Sist oppdatert: 29.07.2022 17:26

Mer om