Kapitalutviding i Marad Norway
LUKKA ANLEGG: Marad Norway er eigd av Salmonseed (50,1 prosent) og grunnleggarane Bjørn Ove Endresen, Aasmund Torvik og Geir Sandnes. I tillegg til Glen Bradley (biletet) er Salmonseed eigd av ei gruppe Rostein-tilsette, Bjørn-Vegard Løvik, Inge Huses familieselskap Torion og Rostein-eigde Larsnes Mek. Verksted.
Nytt

Kapitalutviding i Marad Norway

Håpar på eksportmarknaden for sitt lukka oppdrettsanlegg dersom selskapet vinn fram med klagen på utviklingskonsesjons-avslaget.

15.01.2020
I fjor vinter gjekk ei gruppe investorar med viseadministrerande direktør Glenn Bradley i Rostein i spissen inn som medeigarar i selskapet Marad Norway, som har utvikla eit lukka flytande oppdrettsanlegg.
Håpet var at Marad Norway skulle få innvilga ein av dei ettertrakta utviklingskonsesjonane som styresmaktene delte ut gratis for å finansiere utvikling av nye måtar å drive oppdrett på, der poenget var å redusere problema med blant anna lakselus og rømming.

Fekk nei

Marad fekk avslag på søknaden om utviklingskonsesjon like etter at Bradley og dei andre investorane gjekk inn i selskapet. Fiskerdirektoratet meinte det lukka anlegget ikkje oppfyltte kravet til betydleg innovasjon, men Marad klaga på vedtaket.


No har eigarane nettopp skote inn 250.000 kroner i ny eigenkapital i selskapet.
- Vi må ha litt driftskapital. Vi går og ventar på utfallet av anke på avslaget om utviklingstillatelse, seier Bradley. Han er styreleiar i Marad.
Bradley reknar med at selskapet har fått eit avklaring innan rundt 1. mars.

Striden gravlagt

I fjor vår klaga selskapet Hauge Aqua i Hordaland Marad Norway inn for Patentstyret.
Hauge Aqua er selskapet bak det lukka anlegget "Egget", som oppdrettselskapet Mowi (tidlegare Marine Harvest) har fått innvilga utviklingskonsesjonar for.
Hauge Aqua meinte at 23 av 24 punkt i patentet til Marad Norway ikkje inneheld nye trekk og at eitt var ugyldig fordi det ikkje skil seg frå kjent teknikk.
Patentstyret avviste klagen, og striden med Hauge Aqua er no gravlagt, seier Bradley.

- Etter den tid har vi hatt ein veldig konstruktiv dialog med Hauge Aqua og eg kan ikkje utelukke at selskapa kan samarbeide i framtida, seier Bradley.

Ser til Canada

Bradley seier Marad Norway vil utvide patent sitt til både Canada, USA og Europa. Det er spesielt Canada som kan vere ein interessant marknad, fordi den canadiske statsministeren og hans parti har programfesta å gå over til lukka anlegg på vestkysten innan 2025.
Men skal draumen om eksportsuksess blir noko av må Marad få medhald i klagen, og innvilga dei to utviklingskonsesjonane selskapet har søkt om, slik Bradley vurderer det. Den eine søknaden var om eit anlegg på 7.600 kubikkmeter, den andre på 15.600 kubikkmeter.
- Utan den tildelinga har eg vanskeleg for å tru av vi kan gjere oss nytte av den ideen (å bygge eit flytande, lukka oppdrettsanlegg, red. merk), seier Bradley.
Grunnen til den vurderinga er at det er kostbart å konstruere og bygge ein prototype av anlegget. Utan ein prototype som er testa held også kundane seg unna. Den risikoen vil ein utviklingskonsesjon redusere, fordi selskapet kan behalde konsesjonen til å drive oppdrett - som er verdifull - også om anlegget viser seg å ikkje fungere.

Ingenting til Nordvestlandet

Så langt er det ingen selskap på Nordvestlandet som har fått innvilga søknadar om utviklingsskonsesjonar.
Det er eit paradoks, i lys av den marine og maritime industrien som er her, meiner Bradley.
Norsk Sjømat på Stranda søkte og om utviklingskonsesjon i samband om å utnytte nedlagte fabrikkanlegg i Stordal til smoltproduksjon, men fekk avslag. Nærings- og fiskeridepartementet sa imidlertid ja til ein såkalla visningskonsesjon, som gjer same nytten, om enn i mindre skala.
I Norsk Sjømat-saka har Fylkesmannen kome med innvendingar som har stoppa investeringa inntil vidare, og den prosessen er ikkje avklara.

Vi må ha litt driftskapital. Vi går og ventar på utfallet av anke på avslaget om utviklingstillatelse

Publisert: 15.01.2020 10:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:50