Kartlegg kompetansebehov i sjømatnæringane
Møreforsking og ÅKP/NMC Blue Legasea skal kartlegge kva kompetanse sjømatnæringa treng og korleis dei skal få tak i den.
Det er Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF) som finansierer prosjektet, som skal vere ferdig i løpet av dette året.
Prosjektet skal leiast av Møreforsking og ÅKP/NMC Blue Legasea.
Før sommarferien skal det mellom anna gjennomførast ei stor spørjeundersøking hos bedrifter i næringa. Etter sommarferien skal svara på spørjeundersøkinga og andre innspel analyserast - før rapporten med konklusjonane blir lagt fram.
Manglar kunnskap
Bedriftene i sjømatnæringa manglar kunnskap om kva for kompetanse næringa treng i framtida, mellom anna også kor mange kandidatar som trengst innan ulike fagområde, ifølgje FHF si grunngjeving for å finansiere prosjektet.
Eitt mål med prosjektet er å dokumentere om det er trong for nye utdanningar og utdanningstilbod, både i vidaregårande skule og høgare utdanning.
Det er viktig å tenke langsiktig skriv Janita Arhaug, prosjektleiar for fiskeri i NCE Blue Legasea, og forskar Bjørn Tore Nystrand i Møreforsking i eit innlegg om prosjektet i NETT NO.
Publisert: 07.02.2022 11:00
Sist oppdatert: 07.02.2022 11:50