Harold Wieldraaijer Vendanor foto Ogne
OVER FJORÅRET: I løpet av første halvår har Vendanor-sjef Harold Wieldraaijer og kollegaene seld fleire gassbehaldarautomatar enn i heile fjor. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ketchup-effekt for Vendanor

Folk brukte gassgrill som aldri før, men gassbehaldarautomat-leverandøren Vendanor fekk likevel ein nedtur i fjor. I år har det snudd.

18.08.2021

Vendanor i Stryn lagar automatar der folk kan skifte ut sin tome gassgrillbehaldar med ein ny og full.

Då koronaepiodemien og smitteverntiltaka kom i mars i fjor kunne dagleg leiar Harold Wieldraaijer sjå at bruken av automatane skaut i veret. Når folk ikkje kunne gå ut, kunne dei i alle fall grille, og det gjorde dei.

Likevel fall salet av automatar i fjor og driftsinntektene med (sjå tabell)

Vendanor as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekt21,137,0
Driftsresultat2,05,7
Resultat før skatt2,1

5,6

Tok ikkje sjansen
Auka bruk av automatane gjorde at automateigarane fekk det travelt med å fylle på. Samstundes gjorde smittevernrestriksjonar det meir krevande å finne nye plassar å sette opp automatar og å få på plass naudsynte avtalar med grunneigarar. I tillegg vart potensielle kundar varsame med å investere på grunn av uvisse om utviklinga.

Alt dette gjorde at det vart tinga færre automatar i fjor, og spesielt i andre halvår.

Ned frå gjerdet
I første kvartal i år kom kundane som hadde sett investeringar på vent i fjor ned fjor gjerdet. Konsekvensen blei ein ketchup-effekt, oppdraga strøymde inn og i løpet av første halvår i år har Vendanor seld meir enn i heile 2021.

Wieldraaijer trur ikkje selskapet greier å oppretthalde same takt i salet resten av året, og anslår driftsinntektene vil blir rundt 32 millionar kroner i år - omlag på line med 2018 og 2019.

Større lager
Mange av komponentane Vendanor brukar i automatane blir laga i Kina, eller kjem frå leverandørar som i sin tur kjøper frå Kina. Koronaepidemien har forstyrra forsyningslinene og gjort at det tek lenger tid å få komponentane levert.

For å sikre seg mot forseinkingar har Vendanor bygd opp eit betydeleg større komponentlager, seier Wieldraaijer. Slik blir det også framover, i alle fall inntil vidare. Det kostar meir, men det er dyrare å ikkje kunne levere, seier Wieldraaijer.

Publisert: 18.08.2021 06:00

Sist oppdatert: 04.02.2022 14:59

Mer om