Morten Holum Hexagon Purus
KINA: Etter lange forhandlingar kan Hexagon Purus-sjef Morten Holum i dag presenterer ein samarbeidsavtale med CIMC Enric i Kina.
Nytt

Kina-avtaler for Hexagon Purus

Går i allianse med kinesisk selskap.

02.03.2021

Hexagon Purus og det kinesiske selskapet har signert to avtalar om eit samarbeid bruk og distribusjon av hydrogen som drivstoff i den kinesiske marknaden.

Hexagon Purus lagar tankar og -system for bruk av hydrogen som drivstoff i alt frå små personbilar og lastebilar, til tog og skip.

Sjå presentasjonen direkte frå 12:00 eller i opptak her

Artikkelen blir oppdatert

Poenget med å etablere selskap saman med kinesiske CIMC Enric er å få innpass i den kinesiske marknaden, som Hexagon Purus ventar skal bli den største i verda for bruk av hydrogen som drivstoff.

Les børsmelding her

Kurshopp
Hexagon Purus blei skilt ut av Hexagon Composites og børsnotert i desember 2020.

Rett før børsmelding om Kina-avtalen kom var Hexagon Purus-aksjen handla til 55,69 kroner per aksje, men spratt opp til 60,68 kroner per aksje, straks meldinga kom.

Klokka 11:35 er kursen 59,70 kroner per aksjm, som verdset Hexagon Purus til 13,5 milliardar kroner.

Delt eigarskap
Samarbeidet med CIMC Enric skal skje gjennom to selskap, der Hexagon Purus eig 51 prosent i tankprodusenten og 49 prosent i selskapet som lagar systema som fører hydrogen fram til brenselcella.

I brensecella blir hydrogen brukt til å lage elektrisitet - som driv motoren som driv bil, båt og tog framover.

CIMC Enric er børsnotert i Hong Kong.

Publisert: 02.03.2021 11:38

Sist oppdatert: 02.03.2021 12:20

Mer om