Entreprenørselskapet Arvid Gjerde i Innfjorden i Rauma er spesialistar i å setter opp autovernrekkverk langs vegane. Selskapet hadde 180 millionar kroner i driftsinntekt i fjor, og har 65 tilsette.
Med kjøpet av rekkverk-verksemda til Mesta blir selskapet omlag dobbelt så stort målt i inntekt og arbeidsstokken passere 100, seier dagleg leiar og eigar Marianne Gjerde.
Arvid Gjerde arbeider allereie i dag landet over, med base ved hovudkontoret i Innfjorden. Alle dei tilsette hos Mesta får tilbod om å bli med vidare etter oppkjøpet, og med oppkjøpet får Arvid Gjerde også fleire lokasjonar å arbeide ut i frå.
Unikt
– Arvid Gjerde har aldri hatt ein oppkjøpstrategi. Dette er unikt, seier Marianne Gjerde om oppkjøpet.
Partane ønskjer ikkje å opplyse prisen i transaksjonen
Sjølve overtakings skjer onsdag 1. oktober. Då tek Arvid Gjerde over også maskiner, kontraktar og andre forpliktingar.
Familieigd
Entreprenørselskapet i Innfjorden feira 50-årsjubileum i 2022.
Det vart grunnlagt av Arvid Gjerde og i dag er det dattera Maranne Gjede som er eigar og dagleg leiar.
Publisert: 29.09.2025 10:51
Sist oppdatert: 29.09.2025 13:05





