Kjem med innspel til NTNU
NTNU ÅLESUND: - Vi ser det slik at framhald av eigne institutt (med naudsynte fullmakter) ved NTNU i Ålesund vil vere til det beste for å sikre ein vellukka fusjon, skriv Sunnmøre Regionråd i ein høyringsuttalelse til NTNU. Her er viserektor ved NTNU Ålesund, Marianne Synnes.
Nytt

Kjem med innspel til NTNU

Sunnmøre regionråd  ber NTNU i den faglege organiseringa ivareta omsynet til å bevare autonome fagmiljø ved institutta ved NTNU i Ålesund.

Kristin Vidhammer
11.05.2016
Sunnmøre regionråd har sendt uttale til høyringa om fagleg organisering av NTNU. Dette kjem fram i ei pressemelding.
Dei uttalar at Høgskulen i Ålesund sin fusjon med NTNU har vore og er ei god moglegheit for kommunar og næringsliv i regionen. Dette med utgangspunkt i at NTNU frå 2016 er det største universitetet i Noreg. NTNU i Ålesund er velkjent for eit nært samarbeid med både kommunar og næringsliv.
Styreleiar Anders Riise og dagleg leiar i Sunnmøre regionråd, Jan Kåre Aurdal, er på vegne av kommunane på Sunnmøre opptekne av at framtidig fagleg organisering ivaretek omsynet til autonome fagmiljø ved NTNU i Ålesund.

Kan miste samarbeidet

- Vi fryktar at autonome institutt ved NTNU i Ålesund kan ende opp som fagseksjonar underlagt institutt i Trondheim. Dette kan medføre at NTNU i Ålesund vil mangle beslutningskraft i samarbeidet med kommunar og næringsliv i regionen, skriv dei.
Regionrådet ber difor at det vert lagt opp til ei fagleg organiseringa av NTNU i Ålesund som ivaretek regionalt særpreg og autonomi.
- Vi ser det slik at framhald av eigne institutt (med naudsynte fullmakter) ved NTNU i Ålesund vil vere til det beste for å sikre ein vellukka fusjon, skriv dei til rektor og styreleiar ved NTNU Trondheim.
Innan til dømes helsefag er NTNU i Ålesund ein sentral kunnskapslevarandør til kommunane. Det er utvikla eit godt samarbeid mellom NTNU Ålesund og kommunane på fleire område, mellom anna innan velferdsteknologi. Det er viktig å leggje til rette for at denne typen samarbeid også kan utvikle seg i framtida.
Sunnmøre Regionråd IKS er regionråd for 19 kommunar på Sunnmøre og i Romsdal med nærare 150 000 innbyggjarar.

Publisert: 11.05.2016 15:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57