Kjempar vidare for Tango Seaweed
Tangdyrkingselskapet vurderer nytt finansierings-alternativ for å berge selskapet.
Tango Seaweed gjekk tidlegare i sommar ut og ba om økonomisk støtte for å gi selskapet pusterom og tid til å finne ein modell for lønsam drift.
I alt var finansieringsbehovet 1,4 millionar kroner, meinte selskapet.
Dei eksisterande eigarane hadde lova å gå inn med 550.000 kroner.
Målet var å samle inn 850.000 kroner i støtte gjennom innsamlingsappen Spleis.
Nytt alternativ
Det målet er ikkje nådd, men undervegs har det dukka opp eit finansieringalternativ selskapet vil arbeide vidare med, og som kan vere ei løysning, seier dagleg leiar og grunnleggar Annelise Chapman til NETT NO.
Ho vil førebels ikkje utdjupe kva finansieringsalternativet går ut på, eller kven som har foreslått det, og seier det framleis hastar å få ei avklaring.
450.000 kroner
I sjølve Spleis-aksjonen fekk Tango Seaweed tilsagn om i alt 77.000 kroner i støtte.
Selskapet gjekk også ut og tilbaud interesserte å gi pengar som eit konvertibelt lån, som kan gjerast om til aksjar i komande kapitalutvidingar. Der har investorar gitt tilsagn om i alt 350.000 kroner.
Det betyr at selskapet mangla omlag 420.000 kroner - som den nye løysinga eventuelt kan bidra med.
Fullt lager, tom kasse
Ideen til Tango Seaweed er å produsere kost- og smakstilskot av tare. Selskapet blei etablert i 2016.
Selskapet har godt med tang på lager, men slit med salet.
I 2021 hadde selskapet 1,4 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus to millionar kroner. Det samla underskotet frå starten er 8,1 millionar kroner.
Tango Seaweed har over 30 eigarar, med grunnleggar og primus motor Annlise Chapman som den største. Ho eig 13,4 prosent av selskapet ifølgje rekneskapsdatabasen Proff.
På eigarsidar er også Roger Hofseth, gjennom selskapet RH Industri (8,6 prosent), ÅKP (2,6 prosent) og fiskevegnkonsernet Selstad (3,3 prosent).
Publisert: 04.07.2023 14:48
Sist oppdatert: 04.07.2023 14:49