Tango Seaweed ber om krisehjelp
Fryktar kroken på døra for tare-satsing.
"Etter 6 og et halvt år med drift i Herøy og Sande kommune med henholdsvis sjø- og landanlegg, har vi ikke lykkes med å tjene penger enda, og vi er i en akutt finansieringskrise", skriv Tango Seaweed på si nettside.
No har selskapet sett i gang ei pengeinnsamling gjennom pengeinnsamlings-ordninga Spleis, der målet er å samle inn 850.000 kroner i støtte for å berge selskapet. I tillegg gir eksisterande eigarar eit lån på 550.000 kroner.
Fullt lager, tom kasse
Ideen til Tango Seaweed er å produsere kost- og smakstilskot av tare. Selskapet blei etablert i 2016. I 2021 hadde selskapet 1,4 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på minus to millionar kroner. Det samla underskotet frå starten er 8,1 millionar kroner.
Dei siste åra har vi sett marknaden modnast, men med korona og tøffare økonomiske tidar har kundane nedprioriterte økologisk mat og produkt som framleis er kostbart å produsere, skriv selskapet.
No er lageret av tare fullt, men kassa er tom.
"Vi er nødt til å revidere hele produksjons-, salgs- og forretningsmodellen; samtidig som vi har et betydelig redusert operasjonelt lag. For å konsolidere og re-strukturere selskapet, trenger vi en fundert ny strategi, som skal bygges i en overgangsperiode med redusert drift. Den nye strategien skal så danne grunnlag til et nytt investerings-case og et sterkere team på nyåret", skriv selskapet på nettsida.
Mange eigarar
Tango Seaweed har over 30 eigarar, med grunnleggar og primus motor Annlise Chapmna som den største. Ho eig 13,4 prosent av selskapet ifølgje rekneskapsdatabasen Proff.
På eigarsidar er også Roger Hofseth, gjennom selskapet RH Industri (8,6 prosent), ÅKP (2,6 prosent) og fiskevegnkonsernet Selstad (3,3 prosent).
Publisert: 14.06.2023 11:34
Sist oppdatert: 14.06.2023 12:27