- Dette er utruleg viktig for næringslivet i Møre og Romsdal, sier Karl Inge Rekdal.
Regjeringa har utvida mandatet for Giek (Garantiinstituttet for eksportkreditt) slik at mange fleire bedrifter kan få hjelp av Giek-garantiar når dei skal investere i bygg, anlegg og maskiner.
No kan Giek stille seg bak lån som blir gitt til investeringar i Noreg, så sant investeringane er retta mot eksport.
No kan Giek gå inn og garantere for inntil 75 prosent av låna, slik at berre 25 prosent av lånet blir bokført som ei belastning i høve til eigenkapitalen. Dermed blir det lettare å få lån.
- Dette vi ha umiddelbar effekt. Vi er heilt overbevist ok at vi har lagt eit gullegg, seier direktør Knut Sunde i Norsk Industri. Han har hatt ansvaret for å leie arbeidet med å få gjennomslag for ideen om ei slik ordning, og no er den på plass.
Grunnen er at den også omfattar leverandørbedrifter til bedrifter som har ein stor eksport. Med eksportbedrifter som Rolls-Royce Marine, Vard og Ekornes på kundelista er også Sykkylven stål omfatta av ordninga.
Kravet for å få Giek-garantiar under den nye ordninga er av minst 50 prosent av driftsinntektene som investeringane fører til skriv seg frå eksport.
Regjeringa har utvida mandatet for Giek (Garantiinstituttet for eksportkreditt) slik at mange fleire bedrifter kan få hjelp av Giek-garantiar når dei skal investere i bygg, anlegg og maskiner.
No kan Giek stille seg bak lån som blir gitt til investeringar i Noreg, så sant investeringane er retta mot eksport.
Lettare å få lån
I dag veg lån til næringslivet tyngre i balansen til bankane enn bustadlån. Det gjer at bankane er blitt meir restriktive med lån til næringslivet fordi slik lån i større grad enn bustadlån kjem i konflikt med kravet om å bygge opp ein større eigenkapital.No kan Giek gå inn og garantere for inntil 75 prosent av låna, slik at berre 25 prosent av lånet blir bokført som ei belastning i høve til eigenkapitalen. Dermed blir det lettare å få lån.
- Dette vi ha umiddelbar effekt. Vi er heilt overbevist ok at vi har lagt eit gullegg, seier direktør Knut Sunde i Norsk Industri. Han har hatt ansvaret for å leie arbeidet med å få gjennomslag for ideen om ei slik ordning, og no er den på plass.
Også underleverandørar
Sykkylven Stål har ingen stor direkte eksport, men den nye ordninga vil også kome slike bedrifter til gode.Grunnen er at den også omfattar leverandørbedrifter til bedrifter som har ein stor eksport. Med eksportbedrifter som Rolls-Royce Marine, Vard og Ekornes på kundelista er også Sykkylven stål omfatta av ordninga.
Kravet for å få Giek-garantiar under den nye ordninga er av minst 50 prosent av driftsinntektene som investeringane fører til skriv seg frå eksport.
Publisert: 30.06.2017 16:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11