Kjempegledeleg at nokon vil kjoepe norske verft
VERFT: Adm. dir. Asle Strønen i Norske skipsverft er glad for løysinga på Kleven, og håper den kroatiske eigaren også har forståing for norsk bedriftskultur.
Nytt

- Kjempegledeleg at nokon vil kjøpe norske verft

Asle Strønen meiner at den nye Kleven-eigaren er litt sunnmøring.

23.01.2020
- Med den bakgrunnen Tomislav Debeljak har, så liknar han litt på enkelte sunnmørske bedriftseigarar. Eg trur at dette kan vere ein god eigar for Kleven.
Det seier adm. dir. Asle Strønen i bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft.
Strønen er glad over at Kleven Verft fekk ein eigar som er industriell.
- Det er kjempegledeleg at utanlandske industrielle aktørar er interesserte i kjøpe norske skipsverft.

Familieselskap

Debeljak eig konsernet DIV Group, som er eitt av dei største privateigde selskapa. Sidan 2013 har det familieeigde selskapet eigd Brodosplit, kroatias største skipsverft, og saman med Kleven Verft er målet å lage ein slagkraftig europeisk aktør som er verdsleiande på bygging av mellomstore, komplekse skip.

Strønen håper at Debeljak også har forståing for norsk bedriftskultur.
- Dette vert spennande å følgje, men eg registerer med glede at både leiinga og dei tillitsvalde på Kleven helsar denne løysinga velkomen.

God kompetanse

Han viser til at Kleven er kjend internasjonalt for å ha god skipsbyggingskompetanse på komplekse skip.
- For den rette eigaren er Kleven viktig. Vi kryssar fingrane for at DIV Group over tid vil vise seg å vere den rette eigaren for Kleven.
Strønen opplyser at det i bransjen er det optimisme, sjølv om 2019 gav ein stor nedgang i inngåtte kontraktar.
- Men vi hadde eit godt 2018, og den samla ordrereserven er på heile 40 milliardar kroner. Det er eit historisk høgt tal.

Rosar Myklebust

Spesielt trekker Strønen fram utviklinga på Sande-verftet Myklebust, som for vel eitt år sidan vart utskilt frå nettopp Kleven.
- Her har ein klart å snu tankesettet, og får tilbake gamle kundar.
- No ser vi at verftet begynner å få ordrar i ein tøff marknad.
Trass i god ordreserve, er det fleire verft som slit tungt økonomisk.
- Det er klart at fleire av verfta ikkje toler mange fleire tapskontraktar, seier Strønen.

- Bør velje norsk

Han oppmodar norske reiarar til i større grad å velje norske verft.
- Norske verft er kjende for å vere dyktige på innovasjon, kvalitet og leveringspunktlegheit.
Strønen viser også til ved å byggje i Norge, vil ein også lettare å ha kontroll på byggeprosessen, og gjere tilpasningar undervegs.
- Sjølv om norske verft i utgangspunktet ikkje er dei billegaste, ser vi ofte at sluttkostnaden gjerne ikkje vert mykje dyrare.
Han er opptatt av at finansieringsordningane vert oppretthaldne.
- Dette er uhyre viktig. Utan gode finansieringsordningar kan ingen byggje skip.

Meir om saka:





2018-resultatet:


Med den bakgrunnen Tomislav Debeljak har, så liknar han litt på enkelte sunnmørske bedriftseigarar

Publisert: 23.01.2020 05:56

Sist oppdatert: 16.01.2022 20:05