Kjemperesultat for Saevik familien
BØRS: Oppkjøpet, nedsalet og børsnoteringa av Fjord1 har vorte ei gullkanta investering for Per Sævik og familieselskapet Havila Holding. No skal mykje av gevinsten investerast i nye prosjekt.
Nytt

Kjemperesultat for Sævik-familien

Trass offshorenedtur, tener Per Sævik og familien pengar som aldri før. No skal det investerast.

30.10.2017
Fjord1-kjøpet vart ei gullgruve for Per Sævik og familien. Havila Holding hadde eit resultat før skatt på over 1,5 milliardar i første halvår.
- Ja, det er ikkje alt som går dårleg på Sunnmøre, sjølv om det av og til ser slik ut når ein les kva som står i media, seier dagleg leiar Per Sævik i familieselskapet.

Gått etter planen

Størsteparten av det gode resultatet kan tilskrivast Fjord1 gjennom oppkjøp, deretter nedsal og børsnotering.
- Eigentleg har det gått slik vi håpte på då vi i 2011 gjorde første Fjord1-investeringa ved å kjøpe aksjane frå Møre og Romsdal fylkeskommune.
- Men året etter lurte vi litt på kva vi hadde gjort då selskapet tapte 100 millionar kroner. No ser det derimot bra ut.
Havila Holding eig 51,5 prosent av Fjord1, eit selskap som no er prisa til fire milliardar kroner på børsen.
- Dei neste åra ser det lovande ut, men vi står framfor store investeringar i nye ferjer, i tillegg til at vi er stadig sterkare inne i turisme. Det vil skje mykje spennande rundt Fjord1 framover.

Solid kapital

Havila Holding har no ein eigenkapital på 2,9 milliardar kroner, dette trass i at selskapet er majoritetseigar i Havila Shipping, som i 2015 og 2016 måtte ta nedskrivingar på samla rundt 2,5 milliardar kroner. I tillegg måtte Havila Holding skyte inn ny eigenkapital.
- Trass offshorenedturen, er vi no godt rusta til å gjere nye større investeringar.
Sævik seier at det er mange som tek kontakt og vil ha Havila Holding med på laget.
- Enkelte dagar kan det vere opp til tre-fire førespurnader. Våre finansfolk har meir enn nok å rekne på.

Ser på utbyteselskap

Nyleg gjekk selskapet inn med 24 millionar kroner i seismikkselskapet Axxis Geo Solutions, ein har overtatt 100 prosent eigarskap i Hotel Ivar Aasen i Ørsta, ein har sikra seg kontrollen over offshoreselskapet Volstad Maritime og ein var lenge med i prosessen rundt ny eigarstruktur i Kleven.
Sævik seier at ein truleg ikkje vil gå inn i så mange nye gründerbedrifter.
- Vi har brent oss på det før. No ser vi meir etter etablerte selskap som også genererer årlege utbyte.

Gode Norrøna-tal

Men det er ikkje berre Fjord1 som går godt for Havila Holding. Mellom anna er selskapet tungt inne i investeringar på Færøyane, i stor grad saman med Justinussen-familien. Saman eig dei Hotell Hafnia i Tòrshavn, eig majoriteten av passasjerskipet Norrøna som trafikkerer ruta mellom Danmark, Færøyane og Island, i tillegg til at ein også er inne i fiskeri og offshore.
- Spesielt går det no godt med Norrøna, men vi vurderer nye investeringar, seier Sævik.
I Norge har ein ei rekkje eigedomar, som Odim-bygget i Hjørungavåg og ConocoPhilips-bygget i Stavanger, samt eig bygg som no er utleigd til Subsea7.
Ein eig 45 prosent av Thon Hotel Fosnavaag, og ein er også inne i Hardhaus-reiarlaget i Austevoll som har to fullstrukturerte rignotfartøy, og som i tillegg eig ein tredjedel av det lukrative oppdrettsselskapet Sjøtroll Havbruk.
Havila Holding eig også 57,7 prosent av børsnoterte Havyard Group, eit selskap som børsen no prisar til 386 millionar kroner, medan Havila Shipping er prisa til 229 millionar kroner.

Lokale arbeidsplassar

Havila Holding har 9,7 milliardar kroner i gjeld, der den langsiktige gjelda utgjer 7,1 milliardar kroner. Men med ein eigenkapital på nesten tre milliardar kroner, er planen å gjere fleire nye investeringar.
Per Sævik seier at han håper at nokre av investeringane vil føre til fleire arbeidsplassar lokalt.
- Vi er patriotar, men held lovnaden om at hovudkontoret til Fjord1 skal liggje i Florø.
- Derimot kan det verte gjort andre investeringar som vil gi nye arbeidsplassar lokalt. Det er målet.
PS: Havila Holding eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media AS, som gir ut NETT NO.
Det er ikkje alt som går dårleg på Sunnmøre, sjølv om det av og til ser slik ut når ein les kva som står i media

Publisert: 30.10.2017 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:15