NPK-NTB: Kostnadene har vorte så store at bygginga av Stad-tunnelen må tilbake til Stortinget for ny behandling.
Det stadfestar kystdirektør Einar Vik Arset overfor Sunnmørsposten.
Skipstunnelen skil seg frå andre store samferdselsprosjekt ved at Stortinget i 2021 vedtok at dersom prisen blir på meir enn 5 milliardar kroner etter kroneverdien i 2021, må prosjektet tilbake til Stortinget for ny behandling.
Kystverket har fått inn tilbod frå tre entreprenørar som vil byggja skipstunnelen. Prisen dei vil ha, ligg eit godt stykke over maksramma som er vedteken. I tillegg har prisane innan bygg og anlegg stige kraftig dei siste åra, noko som igjen gjer at tunnelen blir dyrare.
– Det er ein realitet at 2021-ramma ikkje held. Då kan ikkje vi som direktorat starta bygginga før vi har fått ei avklaring, seier kystdirektøren til avisa.
Det blir difor knytt stor spenning til kva som kjem i statsbudsjettet i oktober.
Dersom regjeringa seier nei med tilvising til at prisen ligg utanfor den vedtekne kostnadsramma, kan det vera slutten for Stad skipstunnel.
– Realiteten er at om ein etter all den jobben som er lagd ned, og ein ikkje får pengar til oppstart i 2026, så blir det ikkje noko av skipstunnelen. Det er no eller aldri. Det er ei lagnadstid for skipstunnelen, seier leiar Frank Willy Djuvik i Måløy Vekst.
Publisert: 13.08.2025 11:06
Sist oppdatert: 18.08.2025 12:10






