Maritime Partner i Brevika i Ålesund søkjer etter ny toppsjef etter at Heggstad har sagt opp og no er ute av selskapet.
Heggstad har har vore toppsjef i Maritime Partner sidan 1. mars 2023. No er blir det det tredje karrierskiftet på fem år.
I 2021 fekk han jobben med å bygge opp Sparebanken Vest sitt nye kontor i Ålesund. I 2022 rykka han opp i konsernleiinga i banken med ansvar for bedriftsmarknaden.
Heggstad kom til Sparebanken Vest frå stillinga som sjef hos Eivind Volstad-selskapet, Volstad As, som hausten 2020 selde sin siste båt, trålaren Volstad. Tidlegare hadde dei seld ut heile offshoreflåten i reiarlaget.
Heggstad ønskjer ikkje å kommentere kvifor han slutta, men skriv i ei tekstmelding til Nett No at han jobbar med noko nytt som han håpar å konkludere med i løpet av august.
-Strålande jobb
Det er inga konflikt knytt til avgangen, seier styreleiar Ole-Reinhart Notø i Martitime Partner.
Heggstad har gjort "ein strålande jobb med å reparerer og renske opp i det som har vore problematisk og var med på å bygge opp ei fantastisk ordrebok" seier Notø.
Maritime Partner byggjer alt frå små rednings- og arbeidsbåtar til båtar til større sightseeingfartøy brann- og ambulansebåtar.
Ny kapital
2024-rekneskapen til Maritime Partner er ikkje offentleg tilgjengleg enno. I 2023 enda resultatet før skatt med 33,5 millionar kroner i minus.
Båtbyggjar Maritime Partner i Breivika i Ålesund henta ny eigenkapital både i desember 2023 og august 2024. I november i fjor vedtok selskapet å gjennomføre nok ei kapitalutviding, etter eit tøft 2023.
Dei to første kapitalutvidingane styrka eigenkapitalen med 26,8 millionar kroner, gjennom ein kombinasjon av omgjering av gjeld til aksjar og innskot av nye pengar. I fjor haust gav og ein aksjonær eit lån på fem millionar kroner til selskapet. Den tredje kapitalutvidinga var på 20 millionar kroner og vart gjennomført før årskiftet 2024/2025, sa Heggstad i Maritime Partner i januar i år.
Den siste kapitalutvidinga og ein ny avtale med Sparebanken Møre gjorde at Maritime Partner ikkje lenger var i brot med lånevilkåra, ifølgje Heggstad.
Eivind Volstads selskap Voldstad blei største aksjonær i Maritime Partner i kapitalutvidinga i desember 2023, og har auka eigarandelen sidan. I den siste kapitalutvidinga gjekk Volstad inn med halvparten av emisjonsbeløpet og vart eigar av knappe 50 prosent av Maritime Partner.
Store kontraktar
I løpet av 2024 inngjekk Maritime Partner så mange kontrakter at selskapet sikra seg arbeid langt inn i 2028. Den siste kapitalutviinga i fjor vart gjort for å sikre selskapet kapital ftil å finansierer veksten.
I februar i år kunne Maritime Partner offentlegjere si hittil største kontrakt, sju redningsbåtar som skal brukast av den danske redningstenesten. Kontrakta er på over ein halv milliard kroner.
Publisert: 13.08.2025 09:08
Sist oppdatert: 13.08.2025 09:08






