Jostein Boee utvidar i toeffe tider
SMITTEEFFEKT: USA-president Donald Trump sin manglande vilje til å satse på berekraft og fornybar energi har smitta over på Europa, er Stryvo-sjef Jostein Bøe sin vurdering. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Kjenner Trump-effekten i Stryn

Stor vekst og auka lønsemd i fjor - men ny president i USA gir brems for Stryvo-satsing.

23.06.2025

Den mekaniske industribedrifta i Stryn, med dotterselskap i Bismo og Oslo, fekk eit kraftig oppsving i 2023, etter at både inntekt og lønsemd fall frå 2021 til 2022.

– No er vi tilbake på track, sa dagleg leiar og største aksjonær, Jostein Bøe, til Nett No i fjor sommar.

Veksten frå 2023 held fram i fjor, og hovudselskapet i Stryn dobla nesten inntektene, og auka lønsemda meir enn nok til å kompensere for at selskapa i Oslo og Bismo hadde eit tyngre 2024 enn 2023( sjå tabell).

I år har selskapet budsjettert med tal omlag som i fjor. 

Grøn brems frå USA
Stryvo-selskapa har auke oppdragsmengda frå vasskraft-bransjen og har også god aktivitet frå olje- og gassbransjen. 

I fjor hadde selskapet óg eit stort oppdrag for oppdrettsbransjen. Ein del av veksten skuldast og at selskapet tek på seg meir omfattande oppdrag enn tidlegare.

Men på eitt felt har Bøe merka ei endring i negativ lei for selskapet.

– Det skjedde noko då Trump kom inn og sa at han ikke ville satse på berekraft og fornybar, seier Bøe.

Trump sin politikk har smitta over på Europa, etter Bøe si vurdering. For Stryvo har det blant annet gjort at eit oppdrag til karbonfangst som langt på veg var klart til signering, har blitt utsett. 

Slo saman selskap
Inntektsnedgangen til datterselskapet i Bismo skuldast at  Stryvo og Stryvo Bismo i praksis vart slått saman i fjor, sjølv om dei formelt framleis er to selskap. 

Poenget er å betre kapasitetsutnytting av anlegg og tilsette. I år blir alle inntektene til dei to selskapa lagt inn i Stryvo.

I år er Stryvo Oslo attende i pluss, etter tap i samband med omorganiseringar på grunn av generasjonskifte i produksjonen i fjor, ifølgje Bøe.

Heile Stryvo-konsernet har i overkant av 100 tilsette.

To eigarar
Jostein Bøe eig 66 prosent av Stryvo gjennom sitt eige selskap Bøe Invest.

Den andre eigaren er Arild Bødal og familimedlemer, gjennom selskapet AHB Invest. Bødal var óg ein av grunnleggarane av Norva24-konsernet, som tidlegare i år vart seld til det britiskbaserte investeringsfondet Apak Fund . 

Det var auka etterspørsel frå både fornybar-energi-bransjen og frå olje- og gassbransjen, som gav vekst både i fjor og året før.

Stryvo AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt190,0100,6
Driftsresultat32,110,2
Resultat før skatt31,813,2
   
Stryvo Oslo AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt55,460,5
Driftsresultat-3,24,6
Resultat før skatt-3,73,9
   
Stryvo Bismo AS  
Tal i mill. kroner20242023
Driftsinntekt18,931,3
Driftsresultat1,0-0,1
Resultat før skatt1,0-0,3

 

Publisert: 23.06.2025 12:54

Sist oppdatert: 23.06.2025 12:54

Mer om