Håvard Wiker Jo Stian Tverberg foto Ogne
Bustyrar Håvard Wiker (t.h.) og administrerande direktør Jo Stian Tverberg i Aurstad-konsernet i ei skiftesamling etter konkursen i K.A.Aurstad i desember 2018. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

- Kjøpesummen var alt for lav

Bustyret i K.A. Aurstad stilte spørsmål ved salet av maskinparken frå første stund.

14.04.2021

Bustyrar Håvard Wiker og hans kollegaer kom til Ørsta om kvelden 6. desember 2018, same dag som det var opna konkurs i entreprenørselskapet K.A. Aurstad.

Same kveld blei bustyret orientert av firmaet Bjarøy om salet av maskinparken frå K.A. Aurstad til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige for 20 millionar kroner to månader før konkursen. Bjarøy var leigd inn av långivar DNB for å vurdere den omstridde transaksjonen.

- Frå buet si side var vi av den overbevisning at den pakken (maskinparken, red. merk) av anleggsmaskiner hadde ein verdi på 40 millionar pluss, sa Wiker i si forklaring i straffesaka mot hovudeigar og styremedlem Cato Aurstad i Aurstad-konsernet.

Aurstad er tiltalt for å ha seld maskinparken til K.A. Aurstad til søsterselskapet Aurstad Maskinutleige til underpris.

Forlik sikra framdrift
Wiker sa bustyret varsla leiinga i Aurstad 7. desember om sitt syn på salet av maskinparken, og at bustyret meinte Aurstad Maskinutleige ikkje hadde oppnådd rettsvern for transaksjonen.

Dermed kunne bustyret ta beslag i maskinparken. Deretter blei det forhandla fram eit forlik som blei inngått 22. desember 2018.

Prisen for maskinparken blei sett til 40 millionar kroner og Aurstad Maskinutleige fekk overta maskiner for 9,5 millionar kroner. I tillegg fekk Aurstad Maskinutleige overta maskiner for ytterlegare 950.000 kroner fordi selskapet tok over ein del av dei tilsette frå K.A. Aurstad, og dermed lønskostnadane som følgde med.

Forliket sikra vidare drift i Aurstadkonsernet og framdrift i bustyret sitt arbeid. Begge deler var viktig for han, ifølgje Wiker si forklaring.

Klart omstøytleg
Utan forlik ville det blitt kravd at den omstridde transaksjonen skulle omstøytast, sa Wiker i si forklaring.

Han karakteriserte samarbeidet med leiinga i Aurstad-konsernet som dårleg, der buet opplevde motvilje mot å gi ut informasjon.

- Heilt klar omstøytleg, sa Wiker om transaksjonen.

Det var også skilnaden på prisen som var sett av K.A.Aurstad/Aurstad Maskinutleige og verdivurderinga gjort av buet, som var årsaka til at buet melde Aurstad til Økokrim i oktober 2019.

Publisert: 14.04.2021 16:40

Sist oppdatert: 14.04.2021 17:06

Mer om