Vitbit Ole Sande
FOSNAVÅG: Har rigga seg for kraftig vekst. F.v. salssjef Øyvind Grimstad, dagleg leiar Ole Sande og økonomisjef Hallvar Ulfstein. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Klar for internasjonal lansering av hunde- og kattefôr

Vitbit har sikra seg fleire store kontraktar, og planlegg for stor vekst.

02.11.2021

- Vi reknar med å doble omsetninga kvart år framover. Dette ser svært lovande ut.

Det seier dagleg leiar Ole Sande i Fosnavåg-baserte Vitbit. Selskapet satsar på produksjon av fôr til kjæledyr, først og fremst hund og katt.

I år omset selskapet for rundt seks millionar kroner etter at ein starta opp produksjonen i liten målestokk i fjor.

- Vi har skunda oss langsamt. Vi ville vere sikre på at vi hadde topp kvalitet på produkta før vi lanserte dei. No er vi klare, også for internasjonal lansering.

- Først satsar vi i Tyskland, og skal blant anna delta på verdas største ‘petfôrmesse’ i Nürnberg neste år.

Selskapet har utvikla ei lang rekke produkt, der dei fleste produkta kjem frå tørka sei.

Fauna, Snadder og Vitbit
I Norgesgruppen sine butikkar vert produkta selde under merkenamnet Fauna, medan dei same produkta vert selde under merkenamnet Snadder i Rema-butikkane.

- I tillegg har vi vår eigen merkevare Vitbit som vert seld i Felleskjøpet i Norge og i søsterbedriftene i Sverige.

Sande seier at ein nyleg også har fått avtale med Febo, norges største grossist for leveransar til spesialbutikkar.

- Det er ein kraftig vekst i etterspørselen.

Strenge krav
Salssjef Øyvind Grimstad opplyser at det er vel så strenge kvalitetskrav til dyrefôr som til human mat.

- Dette gjeld ikkje minst krav rundt matsikkerheit.

Han viser også til ein fersk statistikk for norske kjæledyr eigarar som illustrerer poenget.

- 75 prosent av kvinnene meiner at kjæledyret er viktigare enn mannen sin.

Tidlegare vart mykje av fôr og dyresnacks importert frå Asia. Men no er det norske og europiske produsentar som vert prioriterte.

- Fleire store importørar har fasa ut Asia. Dette har skapt kjempemulegheiter for oss.

75 prosent av kvinnene meiner at kjæledyret er viktigare enn mannen sin
Øyvind Grimstad

Sandsøy-produksjon
Vitbit er ein del av Finefish-konsernet, som Ole Sande og Gjermund Bringsvor står bak. Finesfish har nyleg investert 44 milionar i nytt mottaks- og produksjonsanlegg for kvitfisk på Sandsøya.

Det aller meste av Vitbit-produkta vert laga på Sandsøya.

- Vi satsar for fullt på Sandsøya, men vi trur at veksten vert så stor at det kan opne for at vi vel å produsere også andre stader, seier Sande.

Utviklar våtfôr
Han opplyser at kundane er opptatt av at 100 prosent av råstoffet vert utnytta.

- På Sandsøya utnyttar vi i dag 100 prosent av kvitfisken vi tar imot, inkludert innvollane.

Hittil har alle produkta vorte laga av tørrfisk. Det kjem det snart ei endring på.

- Vi skal også utvikle våtfôr av kvitfisk. Det er det stor interesse for, seier Sande.

Publisert: 02.11.2021 05:50

Sist oppdatert: 01.11.2021 22:42