- Vi er skikkeleg stolte over å vise fram anlegget
44 millionar har dei satsa på Sandsøya, og meiner ei ny tidsrekning har starta for Finefish.
- Dette vert ei heilt ny tid, ikkje minst for dei tilsette.
Det seier adm.dir. Ole Sande og operasjonssjef Gjermund Bringsvor i Finefish på Sandsøya. Dei to har investert 32 millionar kroner i nytt bygg, og i tillegg 12 millionar kroner i nye maskiner for å gjere det tidlegare Sandefisk-anlegget moderne.
- Sjølv om kvaliteten på produkta har vore god, såg her tidlegare litt ut som ein gamal russisk hermetikkfabrikk. Vi var litt flaue over å vise fram anlegget.
- No er vi derimot skikkeleg stolte, seier Ole Sande.
Fleirdobla innfrysingskapasitet
Laurdag var det open dag for interesserte, som vart viste rundt. Her er det bygt rundt 1800 kvadratmeter nytt areal, blant anna med nytt fryseri, nytt kjølerom, nytt tørrlager og nytt stort emballasjerom, samt nye garderobar, sanitæranlegg og ei romsleg kantine der dei tilsette vil få servert mat to gongar i døgnet.
Internlogistikken er kraftig forbetra, og for å kunne ta imot større båtar er innfrysingskapasiteteten fleirdobla.
- No kan vi fryse inn 35 tonn i døgnet. Dermed kan vi til dømes ta imot store seifangstar, seier Gjermund Bringsvor.
- I tillegg slepp vi å leige frysekapasitet i Ålesund for blåkveite vi tar imot. No kan vi gjere alt her.
Det er betre å satse 44 millionar på Sandsøya enn 44 millionar i Ålesund
Betre enn Ålesund
Bringsvor og Sande meiner at Sandsøya er ideelt plassert for ei slik stor investering.
- Vi legg svært gunstig til for fiskeria både syd for oss og rett utanfor oss.
- Det er betre å satse 44 millionar på Sandsøya enn 44 millionar i Ålesund, seier Ole Sande.
Han rosar dei tilsette.
- Vi har stabil arbeidskraft. Ikkje minst har det vore viktig at vi over lang tid har hatt trufast nøkkelpersonell som har jobba for oss.
Vil ha jamnare produksjon
No skal talet på tilsette aukast.
- Ja, vi reknar med å liggje på rundt 30.
I tillegg skal det vert langt jamnare med produksjon.
- I tillegg til at vi kjem til å ta imot ein god del større kvantum, vil vi også i større grad drive med filetering og sal i eigen regi.
Han seier at det i stillare periodar også er aktuelt å kjøpe inn råstoff frå andre stader, og drive prosessering på Sandsøya.
- Målet er å ha jamn heilårsdrift.
Mykje positivt
Sande og Bringsvor er også strålande fornøgde med signala om ekstraferje, i tillegg til at ferjeprisane går nedover.
- For oss er dette utruleg viktig.
Dei meiner også at det er viktig at det skjer andre store satsingar på Sandsøya, som utbygginga av Rosenlund i regi av Roger Halsebakk og familien.
- Vi har også satsinga til Sandsøy Servicebåtar, og all ny aktivitet hjelper på, også når vi skal søke om lån til slike store satsingar.
- Her skjer mykje positivt no.
Dårleg 2021
Sande seier at 2021 vart eit av dei dårlegaste åra i Sandefisk-selskapet si 25 år gamle historie.
- Men vi satsar på å gå frå botnår i år til eit toppår neste år. Målet er å passere 100 millionar i omsetning på denne delen.
- I tillegg har vi andre større satsingar.
Publisert: 30.10.2021 12:58
Sist oppdatert: 30.10.2021 14:17